Dugnad

Dei som deltek i dugnad er ikkje skattepliktige for verdien av dugnadsinnsatsen så lenge dei ikkje tek imot vederlag frå organisasjonen eller andre. Dette gjeld som utgangspunkt òg når dugnaden blir ytt innanfor eit yrke, til dømes at ein snikkar bidreg med snikkarverksemd i ein dugnad. Betaler organisasjonen vederlag for dugnadsinnsatsen, er dette skattepliktig inntekt for mottakaren dersom vederlaget for dugnaden, saman med lønn eller anna yting frå organisasjonen, overstig 10 000 kroner i inntektsåret.

Er vederlaget næringsinntekt for mottakaren, er òg beløp under 10 000 kroner skattepliktige. Stiller ein næringsdrivande materiell til disposisjon i samband med dugnaden, til dømes maskiner, kan ein ikkje trekkje frå driftsutgiftene til maskinene i verksemda til den næringsdrivande. Det er heller ikkje frådragsrett for lønn o.a. til tilsette som den næringsdrivande stiller til disposisjon for organisasjonen.