Innleiing

Institusjonar, organisasjonar, selskap, foreiningar, stiftingar o.a. som har eige styre er eigne skattesubjekt, jf. skattelova § 2-2 første ledd. Lokallag og avdelingar av organisasjonar (til dømes ei lokalavdeling av Røde Kors eller fotballgruppa i eit idrettslag) er eigne skattesubjekt såframt dei er organiserte med eige styre og fører eigen rekneskap.

Organisasjonar som ikkje har erverv til føremål, er fritekne for inntekts- og formuesskatt (heretter kalla ”skattefri organisasjon”). Dersom ein skattefri organisasjon også driv økonomisk verksemd, er han skattepliktig for formue i og inntekt av denne verksemda. Økonomisk verksemd er likevel unnateken frå skatteplikt når omsetninga av denne verksemda ikkje overstig 70 000 kroner i året. For velgjerande og allmennyttige institusjonar eller organisasjonar, er økonomisk verksemd unnateken frå skatteplikt når omsetninga av denne verksemda ikkje overstig 140 000 kroner i året.

Skattefritaket for skattefrie organisasjonar inneber ikkje fritak for ansvar og plikter som arbeidsgivar. Dersom den skattefrie organisasjonen har tilsette, eller betaler organisasjonen honorar eller godtgjersle til styremedlemmer, har han dei same pliktene som andre arbeidsgivarar. Det finst likevel nokon særreglar for beløpsgrenser for trekkplikt og lønnsopplysningsplikt som gjeld alle skattefrie organisasjonar. For velgjerande og allmennyttige institusjonar eller organisasjonar, er det i tillegg fritak for arbeidsgivaravgift ved lønnsutbetaling innanfor visse beløpsgrenser, og innanfor visse rammer kan ein nytte forenkla oppgjersordning ved lønnsutbetalingar.