Organisasjonen sitt ansvar

Skattemelding

Organisasjonar som har skattepliktig inntekt eller formue, skal levere skattemelding (RF-1028). Leverer ein ikkje skattemelding, blir inntekt og formue fastsett ved skjønn, organisasjonen kan ikkje endre fastsettinga utan klage, og organisasjonen må rekne med at det blir pålagt tilleggsskatt.

Arbeidsgivaransvaret

Organisasjonar opptrer i større eller mindre grad som arbeidsgivarar. Organisasjonane får dermed plikter etter a-opplysningslova, skattebetalingslova, skatteforvaltingslova og folketrygdlova. Organisasjonen er ansvarleg for å overhalde desse føresegnene.

Økonomisk ansvar

Arbeidsgivaren er ansvarleg for å gjennomføre forskotstrekk i alle trekkpliktige ytingar. Unnlèt ein å trekkje skatt, kan det føre til at organisasjonen som arbeidsgivar må betale skattetrekket. Det same ansvaret gjeld når det er trekt skatt, men utan at trekkbeløpet er betalt inn til skatteoppkrevjaren. Dersom personar i leiinga i organisasjonen (arbeidsgivar), dvs. dagleg leiar og medlemmer av styret, med forsett eller utan tilbørleg aktsemd, forsømmer å overhalde reglane knytte til gjennomføring, handsaming og oppgjer av forskotstrekk, kan desse bli gjort personleg økonomisk ansvarlege.

Arbeidsgivaravgifta skal arbeidsgivar sjølv berekne, gi opplysningar om og betale ved forfall. Dette oppgjeret er i større grad enn forskotstrekket vere ei alminneleg betalingsforplikting.

Strafferettsleg ansvar

Det kan føre til straffeansvar ikkje å rette seg etter reglane i skattebetalingslova for forskotstrekk, sjå skattebetalingslova kapittel 18. Dersom ein disponerer gjennomført skattetrekk utan å ha rett på det, kan dette òg rammast av føresegnene om underslag i straffelova. I organisasjonar kan dette straffeansvaret gjerast gjeldande mot den daglege leiinga og medlemmer av styret.

Det kan føre til straffeansvar å gi eller medverke til å gi feilaktige eller ufullstendige opplysningar om arbeidsgivaravgift til skatteoppkrevjaren eller skattestyresmaktene. Det same gjeld dersom ein unnlèt å gi pliktige opplysningar. Det kan føre til straffeansvar etter skatteforvaltingslova dersom ein ikkje retter seg etter føresegnene om å levere lønnsopplysningar og skattemelding såframt organisasjonen har skattepliktig inntekt og formue.