Organisasjonen som arbeidsgivar

Arbeidsgivar er definert som ”Den som selv eller ved fullmektig utbetaler lønn eller annen godtgjørelse eller ytelse som det skal foretas forskuddstrekk eller utleggstrekk i”, jf. skattebetalingslova § 4-1 første ledd bokstav c. Ein skattefri organisasjon har i utgangspunktet dei same pliktene som andre arbeidsgivarar. Organisasjonen kan vere arbeidsgivar sjølv om han ikkje har nokon tilsette. Utbetaling av styrehonorar og utgiftsgodtgjersler til styremedlemmer, andre tillitsvalde og aktive medlemmer, skal i utgangspunktet handsamast etter dei same reglane som utbetaling av lønn o.a. til tilsette.

Organisasjonen skal gjennomføre og betale inn forskotstrekk, og betale arbeidsgivaravgift av lønnsutbetalingar både frå skattefri og skattepliktig verksemd som organisasjonen driv. Han skal sende inn a-meldingar den 5. i månaden etter kvar utbetaling.

Organisasjonen er ikkje arbeidsgivar når vederlaget er næringsinntekt for den som har utført arbeidet eller oppdraget. Er det tvil om det utbetalte vederlaget skal reknast som næringsinntekt eller arbeidsinntekt for mottakaren, kan skattekontoret gi rettleiing.

Nedanfor følgjer ein kort omtale av enkelte reglar av særskild interesse for skattefrie organisasjonar som er arbeidsgivarar.

Melding til Einingsregisteret og NAV Aa-registeret

Som arbeidsgivar skal organisasjonen sende melding til Einingsregisteret.

Ein kan registrere seg i Einingsregisteret gjennom Altinn eller på ein papirblankett (Samordna registermelding, BR-1010) som ein sender til Einingsregisteret. Det er laga ein eigen forenkla blankett for foreiningar. Nærare opplysningar hjå Brønnøysundregistera

Aa-registeret er knytt til Einingsregisteret og all informasjon om arbeidsgivarar i Aa-registeret blir henta her ifrå. Når arbeidsgivarar registrerer seg i Einingsregisteret, blir dei tildelt eit organisasjonsnummer. Organisasjonsnummeret er unikt for kvart einskild føretak og blir brukt til å identifisere føretaket i dei fleste offentlege samanhengar. 

I tillegg får arbeidsgivaren tildelt eitt eller fleire verksemdsnummer som er nødvendige for å kunne registrere tilsette. Døme: Ein arbeidsgivar som eig to butikkar i eit AS får tildelt to verksemdsnummer. Dei tilsette blir registrerte på nummeret som høyrer til butikken dei jobbar i. 

Arbeidsgivarar har plikt til å melde frå til Einingsregisteret dersom det skjer endringar som vedkjem foretaket. Dette kan vere endringar av føretaksnamn, adresser, personar med signeringsrett eller styremedlemmer. 

A-ordninga

A-ordninga er ei digital, samordna innrapportering av inntekts- og arbeidsforhold og skattetrekksopplysningar frå opplysningspliktige (primært arbeidsgivarar) til NAV, Statistisk sentralbyrå og Skatteetaten. Ein skal nytte organisasjonsnummeret som er tildelt av Einingsregisteret når ein rapporterer i a-ordninga.

A-meldinga skal leverast av alle som har tilsette eller utbetaler lønn eller andre ytingar. A-meldinga skal sendast elektronisk minst ein gong i månaden og inneheld opplysningar om alle tilsette, status på arbeidsforholda deira, utbetalt lønn med meir. A-ordninga gjer at arbeids- og inntektsopplysningane blir registrerte hjå det offentlege i same takt som det blir generert hjå arbeidsgivarane.

Ein velgjerande eller allmennyttig institusjon eller organisasjon som kan bruke den forenkla oppgjersordninga (sjå nedanfor), skal ikkje sende a-melding dersom dei brukar den forenkla ordninga, men dei skal registrere seg i Einingsregisteret.

Forskotstrekk

Som arbeidsgivar skal organisasjonen trekkje skatt i lønn, styrehonorar og anna godtgjersle for arbeid eller oppdrag for organisasjonen (om unnatak, sjå nedanfor). Arbeidsgivaren skal gjennomføre trekk etter skattekortet til arbeidstakaren (tabell- eller prosenttrekk). Arbeidsgivar skal hente skattekortet til arbeidstakarane elektronisk frå skatteetaten. Dersom mottakaren ikkje har skattekort, må arbeidstakaren bestille dette hjå skatteetaten. Dersom arbeidsgivaren ikkje har tilgang til opplysningar frå det siste berekna skattekortet, skal arbeidsgivar gjennomføre forskotstrekk med 50 prosent. 

Organisasjonane har som arbeidsgivar eit ansvar for at det blir gjennomført rett skattetrekk.

Unnatak frå trekkplikta

Utbetalingar og ytingar som ikkje er trekkpliktige:

  • Ordinære feriepengar som blir utbetalte i ferieåret (året etter oppteningsåret)
  • Del av lønn før jul, pensjon i desember månad, o.a.
  • Tenesteutgifter som organisasjonen har refundert til dømes til tenestereise, overnatting og kost. (Kostnadene skal vere legitimerte ved originalbilag, eventuelt underskriven reiserekning, som skal leggjast ved som bilag i rekneskapa til organisasjonen.)
  • Utgiftsgodtgjersle som er utbetalt i samsvar med eit statleg regulativ eller ein tariffavtale eller etter Skattedirektoratet sine forskotssatsar og legitimasjonskrav, når godtgjersla ikkje dekkjer meir enn kostnadene gir grunnlag for, til dømes diettgodtgjersle utbetalt etter Skattedirektoratet sine forskotssatsar. For nattillegg gjeld særskilde føresegner.
  • Utgiftsgodtgjersle etter utgiftsoppgåve når organisasjonen ikkje har grunn til å tru at godtgjersla gir overskot
  • Naturalyting i form av fri transport til og frå arrangement (gjeld ikkje fri bil), fri kost og losji ved slike, fritt utstyr o.a., når det blir ytt i organisasjonen si interesse\\\
  • Andre trekkfrie naturalytingar

Minstegrenser for forskotstrekk

Ein skal ikkje gjennomføre forskotstrekk:

  • av lønn når den samla utbetalinga ikkje overstig 10 000 kroner (gjeld frå 2016) til ein person i løpet av året.
  • av verdien av kostinnsparing i heimen når den samla lønnsutbetalinga o.a., eksklusiv berekna kostinnsparing til ein person i løpet av inntektsåret ikkje overstig 10 000 kroner.
  • av samla trekkpliktige ytingar til ein person når ytingane ikkje overstig 500 kroner i ein kalendermånad
  • når samla forskotstrekk for ein person ikkje utgjer meir enn 100 kroner i ein kalendermånad

Godtgjersle for arbeid eller oppdrag som blir utført som ledd i sjølvstendig næringsverksemd, skal ein ikkje gjennomføre forskotstrekk av. Er det tvil om vedkomande driv næringsverksemd, ta kontakt med skattekontoret.

Oppbevaring og innbetaling av forskotstrekk

Når organisasjonen betaler ut lønn eller andre trekkpliktige ytingar, skal ein gjennomføre forskotstrekk i utbetalinga. Forskotstrekket skal ein setje inn på ein særskild bankkonto (skattetrekkskonto), eller ein kan stille sikring for beløpet. 

Organisasjonen skal sende inn a-melding innan den 5. i månaden etter lønnsutbetaling og gi opplysningar om forskotstrekk. Når ein sender inn i altinn får arbeidsgivar ei kvittering som inneheld kontonummer og KID som skal nyttast ved betaling. Blir a-meldinga sendt på papir, må arbeidsgivaren sjølv generere KID-nummer. Lag KID-nummer her. Her finn du oversikt over kontonummer til skatteoppkrevjarane. Kvar 15. i månadene januar, mars, mai, juli, september og november (forfallsmånadene) skal organisasjonen sende skattetrekk for dei føregåande to månadene til skatteoppkrevjaren i den kommunen der organisasjonen held til.

Ein velgjerande eller allmennyttig institusjon eller organisasjon som kjem inn under reglane for fritak for plikta til å betale arbeidsgivaravgift (sjå nedanfor), kan nytte ei forenkla oppgjersordning når dei betaler ut lønn. Dette inneber særreglar for somme plikter som organisasjonen har som arbeidsgivar. Dette gjeld mellom anna reglane om melding til arbeidstakarregisteret og plikta til å oppbevare og betale inn forskotstrekk. Sjølv om vilkåra for å nytte den forenkla ordninga er oppfylte, er ordninga frivillig. Den forenkla oppgjersordninga er nærare omtalt nedanfor.

Arbeidsgivaravgift

Hovudregelen for skattefrie organisasjonar si plikt til å betale arbeidsgivaravgift

Ein skal betale arbeidsgivaravgift av all lønn eller anna godtgjersle for arbeid eller oppdrag, mellom anna også av lønnsutbetalingar under 10 000 kroner (gjeld frå 2016) per lønnsmottakar i inntektsåret. Som lønn reknar ein òg styrehonorar, overtidsgodtgjersle, feriepengar, lønn under sjukdom o.a. Ein skal òg berekne arbeidsgivaravgift av trekkpliktig godtgjersle, til dømes godtgjersle ut over Skattedirektoratet sine forskotssatser. For naturalytingar skal ein betale arbeidsgivaravgift når ytinga er trekkpliktig, til dømes ved fordel av fri bustad, av å bruke arbeidsgivaren sin bil, og rentefordel ved rimelege lån i arbeidsforhold.

Ein skal ikkje betale arbeidsgivaravgift av godtgjersle for oppdrag som er utførte som ein del av sjølvstendig næringsverksemd. Er organisasjonen i tvil om utbetalinga skal reknast som næringsinntekt eller lønnsinntekt, ta kontakt med skattekontoret.

Det er arbeidsgivaren si registrerte adresse som bestemmer sona for arbeidsgivaravgift. Satsane for dei ulike sonene finn du her

Arbeidsgivaren skal sjølv berekne avgifta for kvar kalendermånad. Etter utgangen av kvar kalendermånad skal du sende inn a-melding der arbeidsgivaravgifta du har berekna, går fram. Fristen for å sende inn a-melding er den 5. i månaden etter kalendermånaden. Arbeidsgivaravgifta skal betalast i seks terminar. Ein termin består av dei to føregåande kalendermånadene, slik at januar og februar er termin 1, mars og april er termin 2, osv. Fristen for å betale arbeidsgivaravgift er 15 dagar etter utgangen av terminen. Beløp under 100 kroner for ein oppgjersperiode (termin) skal ikkje betalast.

Når du sender inn a-meldinga i Altinn får du ei kvittering som inneheld kontonummer og KID som skal nyttast når du betaler arbeidsgivaravgift.

Sender du a-melding på papir må du sjølv lage KID-nummer.

Unnatak frå plikta til å betale arbeidsgivaravgift

Velgjerande eller allmennyttig institusjon eller organisasjon skal ikkje betale arbeidsgivaravgift for lønna arbeid som ikkje er knytt til den skattepliktige næringsverksemda til institusjonen eller organisasjonen. Ein kan likevel bli friteken for arbeidsgivaravgift berre når dei samla lønnsutgiftene til institusjonen eller organisasjonen i denne delen av verksemda ikkje overstig 550 000 (600 000 frå 1.1.2017) kroner per år, og berre for lønnsutbetalingar som ikkje overstig 55 000 (60 000 frå 1.1.2017) kroner per tilsett per år. Når ein bereknar grensebeløpet, skal lønnsutgifter knytt til ei eventuell skattepliktig næringsverksemd haldast utanfor.

Kvar tilsett skal vurderast for seg i høve til grensa på 55 000 (60 000 frå 1.1.2017) kroner per tilsett. Utbetalingar til tilsette på 55 000 (60 000 frå 1.1.2017) kroner eller mindre er fritekne for arbeidsgivaravgift når dei samla lønnsutbetalingane ikkje overstig 550 000 (600 000 frå 1.1.2017) kroner.

Er utbetalingane høgare enn 550 000 kroner (600 000 frå 1.1.2017), er heile den samla lønnsutbetalinga arbeidsgivaravgiftspliktig. Overstig lønnsutbetalinga 55 000 (60 000 frå 1.1.2017) kroner for ein eller fleire tilsette, eller lønnsutgiftene utanfor næringsverksemd er høgare enn 550 000 (600 000 frå 1.1.2017) kroner for heile organisasjonen i løpet av året, må ein straks etterberekne arbeidsgivaravgift av dei tidlegare utbetalte beløpa. Ved seinare utbetalingar skal ein berekne avgift på vanleg måte etter ordinære fristar.

Grensebeløpa gjeld for organisasjonen som eige rettssubjekt. For å utgjere ei eiga eining for utrekning av grensebeløpet for avgiftsplikta, må eininga organiserast som eit sjølvstendig rettssubjekt med eige organisasjonsnummer.

Mellom anna på grunnlag av tidlegare formuleringar i denne brosjyren, har det vore ei oppfatning om at til dømes idrettsforeiningar som deler opp organisasjonen med eigne avdelingar for turn, langrenn, friidrett, fotball osv., kan nyttiggjere seg kvar sine grensebeløp. Dette er ikkje riktig rettsforståing, ettersom slike avdelingar ikkje er sjølvstendige juridiske subjekt, jf. Skattedirektoratet si fråsegn av 01.12.2016.  

For dei organisasjonane som har innretta seg slik at dei reknar ut separate grensebeløp for alle avdelingar/undereiningar i tråd med det som gjekk fram av denne brosjyren tidlegare, ser vi at ein kan trenge tid til å innrette seg. Skattedirektoratet har derfor lagt til grunn i fråsegna at skattestyresmaktene ikkje vil ha noko å innvende til at praksisen blir endra frå 1. januar 2018.

Når ein betaler ut lønn som er friteken for arbeidsgivaravgift, skal ein ikkje ta beløpet med i avgiftsgrunnlaget. Har institusjonen eller organisasjonen ei eller fleire utbetalingar det skal svarast arbeidsgivaravgift av (dvs. utbetalingar til ein person på meir enn 55 000 (60 000 frå 1.1.2017) kroner i året) og ei eller fleire utbetalingar det ikkje skal svarast avgift av, er det berre dei utbetalingane det skal svarast avgift av som ein skal rekne med.

Velgjerande eller allmennyttige institusjonar eller organisasjonar som ikkje oppfyller vilkåra for fritak for arbeidsgivaravgift, skal svare arbeidsgivaravgift etter dei alminnelege reglane og kan ikkje nytte den forenkla oppgjersordninga når dei betaler ut lønn.

Lønnsopplysningsplikt

A-melding

Organisasjonar som har betalt ut lønn, kontantytingar eller naturalytingar må levere a-melding for den perioden utbetalinga/ytinga blei gitt. A-meldinga skal leverast elektronisk minst éin gong for kvar månad du har opplysningsplikt. A-meldinga sender ein gjennom lønnssystem, rekneskapsførar eller direkte registrering i Altinn. Du skal sende inn a-meldinga seinast den 5. i månaden etter utbetaling av lønn eller ytingar. Dersom du ikkje har forhold som utløyser opplysningsplikta, til dømes lønnsutbetaling eller tilsette, treng du ikkje sende a-melding. Informasjon om kva du skal rapportere i a-meldinga og korleis, finn du på altinn sine nettsider.

Organisasjonar som nyttar den forenkla oppgjersordninga skal ikkje sende inn ordinær a-melding.

Avgrensingar i lønnsopplysningsplikta

Velgjerande eller allmennyttige institusjonar eller organisasjonar er fritekne for lønnsopplysningsplikta for:

  • lønn når samla utbetaling av lønn til ein person i løpet av inntektsåret ikkje overstig 10 000 kroner (gjeld frå 2016).
  • trekkfri utgiftsgodtgjersle som skal dekkje utgifter ved innsatsen eller opptreden eit medlem gjer for organisasjonen, som ikkje overstiger 10 000 kroner i inntektsåret
  • trekkfri utgiftsgodtgjersle utbetalt til ein person i lønna stilling i organisasjonen, som skal dekkje kostnader til transport til og frå arrangement o.a. der organisasjonen medverkar, som ikkje overstig 10 000 kroner i løpet av inntektsåret
  • godtgjersle etter staten sitt reiseregulativ, som skal dekkje kostnader til overnatting og kost, utbetalt til ein person som ikkje har lønna stilling i organisasjonen, når mottakaren ikkje har fleire enn 50 reisedøgn eller reisedagar i kalenderåret
  • naturalyting i form av fri transport til og frå arrangement (gjeld ikkje fri bil), fri kost og losji ved slike tenestereiser, fritt utstyr o.a. når slikt blir ytt i organisasjonen si interesse.

Den forenkla oppgjersordninga

Ein velgjerande eller allmennyttig institusjon eller organisasjon som kjem inn under grensene for fritak for arbeidsgivaravgift, kan nytte ei forenkla oppgjersordning. Ordninga passar godt når organisasjonen har enkeltutbetalingar til ein eller fleire personar. Det er utarbeidd ei forenkla a-melding (A05) som skal brukast av dei som vel den forenkla oppgjersmåten. Den forenkla a-meldinga kan du levere via Altinn. Når du leverer ho i Altinn, kan du hente ut skattekort for lønnsmottakaren i det same skjemaet. Då får du hjelp til å rekne ut skattetrekket, basert på opplysningar frå skattekortet. Det er òg mogeleg å levere den forenkla meldinga på papir. Når du sender inn gjennom altinn, får du ei kvittering som mellom anna inneheld kontonummer og KID som du skal bruke når du betaler. Leverer du på papir, må du sjølv lage KID-nummer og finne kontonummeret til skatteoppkrevjaren.

Den velgjerande eller allmennyttige institusjonen eller organisasjonen skal gjennomføre forskotstrekk og straks betale inn beløpet til skatteoppkrevjaren. Trekket blir då innbetalt samtidig med lønnsutbetalinga. Organisasjonen blir ferdig med pliktene sine på lønningsdagen og blir friteken for avsetjing til skattetrekkskonto. Organisasjonen blir òg friteken for plikta til å sende melding til Arbeidstakarregisteret. Når ein nyttar den forenkla oppgjersordninga, må ein fylle ut ei forenkla a-melding for kvar einskild arbeidstakar som det blir utbetalt lønn til. Arbeidstakaren skal ha kopi av a-meldinga ein sender inn.

Rettleiing for forenkla a-melding for velgjerande eller allmennyttig organisasjon finn du på Altinn.no. Det har ingenting å seie kva oppgjersordning organisasjonen vel, når det gjeld fritaket for arbeidsgivaravgifta. Dersom du vel å ikkje nytte den forenkla oppgjersordninga eller vilkåra for å nytte den forenkla oppgjersordninga ikkje er oppfylte, gjeld dei vanlege reglane for arbeidsgivaren sine plikter og ansvar. 

Dersom ein arbeidstakar i løpet av året passerer fritaksgrensa på 55 000 (60 000 frå 1.1.2017) kroner for arbeidsgivaravgift eller organisasjonen totalt passerer grensa på 550 000 (600 000 frå 1.1.2017) kroner skal ein berekne arbeidsgivaravgift. Ein må då etterberekne arbeidsgivaravgift av det som tidlegare er utbetalt. For seinare utbetalingar skal ein berekne arbeidsgivaravgift på vanleg måte. Organisasjonen kan i desse tilfella halde fram med å bruke den forenkla a-meldinga. Den berekna avgifta må ein deretter betale til dei fristane som gjeld.