Gåver

Frådrag for pengegåver

Givaren kan få frådrag i skattepliktig inntekt for pengegåver til selskap, stiftingar eller samanslutningar som har sete her i landet eller i ein annan EØS-stat, jf. skattelova § 6-50. Organisasjonen kan ikkje ha erverv til føremål og må drive med denne typen aktivitetar:  

a. omsorgs- og helsefremjande arbeid for barn eller ungdom, og for eldre, sjuke, funksjonshemma eller andre svakstilte grupper 
b. barne- og ungdomsretta arbeid innan musikk, teater, litteratur, dans, idrett, friluftsliv o.l. 
c. religiøs eller anna livssynsretta verksemd 
d. verksemd til vern om menneskerettar eller utviklingshjelp 
e. katastrofehjelp og verksemd som skal førebyggje ulykker og skadar, eller 
f. kulturvern, miljøvern, naturvern eller dyrevern. 

Selskap og samanslutningar, mellom anna trus- og livssynssamfunn, som tek imot gåva, må ha nasjonalt omfang 1. januar i det året gåva blir gitt. I kravet til nasjonalt omfang ligg det at ein må drive aktiviteten ut over det reint lokale. Det er ikkje krav om aktivitet i alle fylke. Talet på medlemmer og korleis dei er spreidd geografisk, indikerer kor stor aktivitet og utbreiing organisasjonen har.

Organisasjonar som ikkje har nasjonalt omfang kan kome inn under gåvefrådragsordninga ved å slutte seg til ein sentralorganisasjon som blir rekna for å ha nasjonalt omfang. Føresetnaden er at dei lokale organisasjonane er bundne av den sentrale samanslutninga sine vedtekter om føremål. Lokale idrettslag kjem til dømes inn under ordninga dersom dei er knytt Noregs Idrettsforbund, som har nasjonalt omfang. Det er vidare ein føresetnad at det er sentrale ledd i samanslutninga som fører rekneskap over mottekne gåver, og som gir dei nødvendige opplysningane i maskinlesbar form til Skattedirektoratet.

Kravet til nasjonalt omfang gjeld ikkje for stiftingar. Stiftingar må ta imot offentleg støtte i det året gåva blir gitt. 

Gåva må utgjere minst 500 kroner i det inntektsåret då gåva er gitt. Det maksimale frådraget er på til saman 25 000 kroner kvart år. Det er eit vilkår for frådragsretten at organisasjonen har sendt opplysningar om givaren og gåvebeløpet via Altinn eller på eit maskinlesbart medium innan dei fastsette fristane. 

Sjå meir om vilkåra for å bli godkjent, godkjenningsprosedyren og kva for organisasjonar som er godkjende.

Rapportering av opplysningar

Ønskjer du meir informasjon om organisasjonen si rapporteringsplikt når det gjeld mottekne gåver, kan du sjå "Gåver til visse frivillige organisasjonar og trus- og livssynssamfunn".

Gåver frå næringsdrivande

Dersom gåva er overføring av driftsmiddel eller gjenstandar frå næringsverksemda til givaren, skal givaren handsame gåva fullt ut som sal (skattlegging av uttak). Dersom gåva er eit driftsmiddel som kan avskrivast, til dømes ein bil, blir givaren skattlagt for differansen mellom omsetningsverdien og den nedskrivne verdien. Gjeld det eit driftsmiddel som ikkje kan avskrivast, til dømes ein tomt, skal givaren skattleggjast for omsetningsverdien.

Gåver frå aksjeselskap

Gåver frå aksjeselskap til allmennyttige føremål som til dømes idrettsanlegg, er vanlegvis ikkje ei vederlagsfri overføring (utbytte) til aksjonæren.