Skattefritak for organisasjonar

Når er organisasjonen skattefri?

Vilkåret for fritak frå skatteplikt er at organisasjonen ”ikkje har erverv til føremål”. Vurderinga av om institusjonen eller organisasjonen ikkje har erverv til føremål, blir avgjort etter ei konkret og heilskapleg vurdering av mellom anna kva type verksemd det dreiar seg om, det vedtektsbestemte føremålet, føresegnene i vedtektene om korleis ein disponerer overskot og korleis ein brukar overskotet ved oppløysing, korleis organisasjonen er bygt opp og den verksemda som faktisk blir drive. Sentralt i vurderinga står det om organisasjonen tek sikte på å oppnå økonomiske fordelar for seg sjølv eller andre. Dersom organisasjonen har dotterselskap, skal ein òg ta aktiviteten til dotterselskapa med i vurderinga. Har organisasjonen fleire føremål, er det hovudføremålet som er avgjerande.

Ein elles skattefri organisasjon er likevel skattepliktig for den økonomiske verksemda si som ikkje realiserer/verkeleggjer dei ikkje-ervervsmessige føremåla til institusjonen. Sjå meir om dette under avsnittet ”Økonomisk verksemd”.

Det er i utgangspunktet ikkje avgjerande kva for organisasjonsform ein driv verksemda i. Dersom verksemda blir drive gjennom aksjeselskap, kan det likevel vere ein indikasjon på at selskapet har erverv til føremål.

Dersom drifta til organisasjonen hovudsakleg er basert på kontingentar, gåver, innsamlingar og/eller frivillig innsats trekkjer det i retning av skattefritak. Har enkeltpersonar eller føretak rett til delar av overskotet, eller rett til å overta aktiva dersom organisasjonen opphøyrer, trekkjer det i retning av at organisasjonen har erverv til føremål og er skattepliktig.

Det er ikkje krav om eit allment akseptert "godt" føremål for å bli rekna som ein skattefri organisasjon. Eit kontroversielt føremål kan òg falle inn under føresegna så lenge organisasjonen ikkje har erverv til føremål. 

Det er skattekontoret som avgjer om ein organisasjon skal reknast som skattefri eller ikkje. Ta kontakt med skattekontoret for å få vurdert spørsmålet dersom du er i tvil. 

Døme på institusjonar og organisasjonar o.a. som etter ei konkret vurdering er blitt rekna som skattefrie organisasjonar:

  • Attføringsbedrifter 
  • Foreldredrivne barnehagar
  • Idrettsarrangement
  • Institusjonar som varetek dei generelle interessene til ei nærings- eller yrkesgruppe, til dømes fagforeiningar, Næringslivets Hovedorganisasjon, Noregs Bondelag, Den norske legeforening o.a.
  • Opplysningsorganisasjonar som t.d. Folkeuniversitetet og Bygdefolkets studieforbund
  • Politiske organisasjonar og partitilknytte organisasjonar
  • Private skular
  • Studentsamskipnad
  • Ungt entreprenørskap
  • Vassverk som er private/abonnenteigde

Institusjonar og organisasjonar o.a. som etter ei konkret vurdering er blitt rekna som skattefrie og som ein reknar som velgjerande og allmennyttige:

  • Hobbyforeiningar, t.d. filatelist-, bridge- og sjakkforeiningar 
  • Humanitære og sosiale organisasjonar, t.d. Norges Røde Kors, sanitetsforeiningar e.l.
  • Husflidsforeiningar med det føremålet å fremje god norsk husflid kulturelt, økonomisk og sosialt
  • Idrettsorganisasjonar og idrettslag 
  • Internasjonalt orienterte organisasjonar, menneskerettsorganisasjonar og solidaritetsorganisasjonar 
  • Kvinneorganisasjonar og kvinnesaksforeiningar 
  • Kulturorganisasjonar, kulturvernorganisasjonar og natur, frilufts- og miljøvernorganisasjonar, til dømes musikkorps, songkor, historielag, husflidsforeiningar, natur- og turistforeiningar, jeger- og fiskeforeining, speidarrørsler o.l. 
  • Noregs Bygdeungdomslag med det føremål å samle all ungdom med interesse for bygdesamfunnet for å fremje og vareta bygdene og ungdommane sine interesser
  • Religiøse organisasjonar og livssynsorganisasjonar, kyrkjesamfunn og trussamfunn. 
  • Spontane aksjonsgrupper, ad hoc-rørsler 
  • Velforeiningar, grendelag og nærmiljøorganisasjonar, til dømes bygdeungdomslag 
  • Andre foreiningar og lag (frimurarlosjar, Rotary, Lions og liknande)

Skattefrie inntekter

For skattefrie organisasjonar er desse inntektstypane skattefrie:

  • medlemskontingentar
  • startkontingentar
  • treningsavgifter
  • billettinntekter ved arrangement
  • offentlege bidrag
  • reine gåver og tilskot
  • inntekt av medlemsmøte (klubbkveldar, møte, tilstellingar)  
  • sal av supporterutstyr