Regler og skjema for jordbruk, skogbruk og fiske

  • Skriv ut

Primærnæring er ei fellesnemning for verksemder innanfor jordbruk, skogbruk, fiske, pelsdyr eller reindrift.

Dersom du driv verksemd innanfor ei primærnæring, må du følgje dei vanlege reglane for bokføring, skatteplikt og meirverdiavgiftsplikt. I somme tilfelle kan du òg vere pliktig til å sende inn årsrekneskap. Det gjeld i all hovudsak om verksemda di er organisert som eit aksjeselskap eller du frivillig vil utarbeide årsrekneskap.

For skatteplikta gjeld at du som vedlegg til sjølvmeldinga fyller ut pliktige skjema som gjeld for den næringa du driv.

Jordbruk, skogbruk, pelsdyr og reindrift

Du må i tillegg til næringsoppgåva levere skjemaet "Landbruk" (RF-1177). Skjemaet "Varelager i landbruk" (RF-1179) er òg eit skjema som er særskilt tilpassa primærnæringane.

Dersom du driv med hestar, og er usikker på om aktiviteten skal reknast som verksemd i skatte- og avgiftssamanheng, kan du ha nytte av Veileder for skatte- og avgiftsmessige spørsmål i hestebransjen. Rettleiinga er utvikla primært for å brukast i Skatteetaten, men kan òg vere eit nyttig verktøy for aktørar i bransjen.

Fiske og fangst

Når det gjeld fiske og fangst driv du verksemd dersom du eig båten du fiskar med. Då har du plikt til å føre rekneskap (bokføringsplikt) og levere næringsoppgåve som vedlegg til skattemeldinga di.

Er du fiskar, men ikkje har eigen båt, er du å rekne som lottmottakar eller prosentfiskar. Du skal då ikkje levere næringsoppgåve i lag med skattemeldinga di. Bruk heller skjema for lottfiskarar "Fiske" (RF-1213).

Meirverdiavgift

Driv du meirverdiavgiftspliktig verksemd innanfor ei primærnæring skal du sende inn omsetningsoppgåva ein gong per år. Frist for å sende inn årsoppgåva er tre månader og 10 dagar etter utgangen av kalenderåret (10. april).

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.