Leigeverdi kårbustad

  • Skriv ut

Brutto leigeverdi for kårbustader.

Leigeverdiane blir regulerte i samsvar med konsumprisindeksen. For 2016 har ein fastsett desse sjablongverdiane:

Bruksareal

Leigeverdi

over 100 m²

kr  27 800

60–100 m²

kr  20 800

under 60 m²

kr  13 900


Bruksareal er det arealet i bustaden som er innreidd til buføremål. Det vil seie kott, gangar, vindfang o.a., og innreidde rom i kjellar og loft (til dømes vaskerom, stove, soverom o.a.). Det er berre areal innanfor ei takhøgd på min. 1,90 m som tel med. Det har ikkje noko å seie om ein reint faktisk berre nyttar delar av bustaden.

Dersom bustaden ikkje har bade-/dusjrom eller wc, blir verdien redusert med 25 %. Same reduksjon gjeld dersom avstanden til kommuneadministrasjonen er over 15 km. Dersom begge vilkåra er oppfylte, er reduksjonen samla sett 40 %.

Dersom det ligg føre ein kåravtale og kårytar og kårtakar bur saman, blir bustaden rekna som ”kårbustad”, og leigeverdien er skattepliktig for kårmottakaren. Leigeverdien skal reknast ut etter sjablongverdiane, men skal reduserast med 40 %. Kårytaren får frådrag for 60 % av kostnadene knytte til bustaden.

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.