Skiferproduksjon

  • Skriv ut

Skattemelding for næringsdrivande – skiferfrådrag.

Har du næringsinntekt frå skiferproduksjon i Finnmark eller kommunane Karlsøy, Kvænangen, Kåfjord, Lyngen, Nordreisa, Skjervøy og Storfjord i Troms, kan du krevje særskilt frådrag.

For å få frådrag må du ha drive næringa over halvparten av inntektsåret.

Du treng ikkje lenger levere RF-1177 "Landbruk" for å få inntektsfrådraget. Postane om skiferfrådrag er fjerna frå skjemaet. I staden reknar du sjølv ut korrekt frådrag på grunnlag av driftsresultatet ditt frå skiferproduksjon og ev. sjukepengar som erstattar slik næringsinntekt. Ta ikkje med passive kapitalinntekter i grunnlaget.

Frådraget fører du i skattemeldinga post 3.2.17. Frådraga for 2016 i post 3.2.15, 3.2.16 og 3.2.17 i dømet nedanfor utgjer kr 54 200 pluss 32 prosent av inntekt som overstig kr 54 200, opp til eit maksimalt frådrag på kr 142 000 per driftseining.

Frådraget kan berre redusere inntekta frå desse verksemdene ned til null. Er inntekta frå slik verksemd til dømes kr 50 000, blir frådraget kr 50 000.

Ektefellar kan til saman ikkje krevje frådrag som overstig beløpsgrensene. Dette gjeld òg registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar.

Døme på korleis ein reknar ut inntektsfrådrag i post 3.2.17

 

Driftsresultat frå skiferproduksjon

 

kr 150 000

Sjukepengar som erstattar næringsinntekt frå skiferproduksjon

 

kr 100 000

Korreksjon for passiv kapitalinntekt som inngår i driftsresultatet

-

kr 0

Korreksjon for passiv kapitalkostnad som inngår i driftsresultatet

+

kr 0

Grunnlag for skiferfrådrag

=

kr 250 000

 

 

 

Frådrag tilsvarande grunnlag opp til kr 54 200

 

kr 54 200

Frådrag av overstigande grunnlag: kr 195 800 x 32 prosent

 

kr 62 656

Sum skiferfrådrag

=

kr116 856

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.