Fordring på nærstående – skjemamessig behandling

  • Skriv ut

Selskap som har finansiert dotterselskap eller eit anna nærståande selskap med lån, kan ikkje krevje skattemessig inntektsfrådrag dersom utlånet endar med tap.

Skattelova § 6-2 tredje ledd avskjer frådrag for tap på fordring mellom nærståande. Finansdepartementet har i forskrift FSFIN § 6-2-2 fastsett kva ein skal rekne som nærståande selskap i samanheng med den nye føresegna. Regelen avskjer ikkje selskap frå å krevje frådrag for tap på

  •  kundefordring
  • fordring som långivaren tidlegare har inntektsført verdien av
  • fusjonsfordring
  • fisjonsfordring
  • fordringar til bankar og finansieringsføretak o.a. når fordringa er ein del av kreditor si ordinære utlånsverksemd

Slik fører de fordring på nærståande i skjemaa

Fordring på nærståande selskap gir ikkje rett til tapsfrådrag ved likninga. Difor oppstår det vanlegvis ikkje mellombels skilnad på slike fordringar. Når de fyller ut RF-1217 «Forskjellar mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar», skal de ikkje føre den rekneskapsmessige verdien av slike fordringar i post 42. De skal heller ikkje føre skattemessig verdi av slike fordringar i post 43.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.