Gåver til frivillige organisasjonar, trus- og livssynssamfunn

  • Skriv ut

Ein kan få frådrag for gåver gitt til visse norske og utanlandske frivillige organisasjonar, trus- og livssynssamfunn. For å få frådraget må den som tek imot gåva vere godkjend av skattestyresmaktene og ha rapportert gåva elektronisk til Skatteetaten.

Gåvemottakar

Søknad om godkjenning av organisasjon

Organisasjonar med sete i EØS-området kan òg godkjennast under gåvefrådragsordninga i skattelova § 6-50. Vilkåra for frådragsrett for gåver til utanlandske organisasjonar er dei same som gjeld for frådrag for gåver til norske organisasjonar.

Norske organisasjonar må søkje skattekontoret i sin region om førehandsgodkjenning. Utanlandske organisasjonar skal sende søknad på engelsk, ev. dansk eller svensk til Skattedirektoratet, som igjen fordeler denne vidare til førehandsgodkjenning hjå eit skattekontor.

Her finn du søknadsprosedyren for utanlandske organisasjonar.


Søknad om godkjenning skal innehalde:

  • Ei fråsegn om at ein ikkje har erverv til føremål
  • Ei orientering om kva for type aktivitet organisasjonen driv, og at denne fell inn under godkjende føremål i skattelova § 6-50 alternativ a) til f)
  • Ei orientering om og dokumentasjon på at organisasjonen har nasjonalt omfang per 1. januar i året gåva blir motteken, til dømes ei skildring av kva omfang aktiviteten har og kvar aktiviteten blir utøvd, talet på medlemmer/givarar og kvar ein finn dei geografisk
  • Dokumentasjon på at stiftinga tek imot offentleg støtte i det året gåva blir motteken
  • Vedtekter, mellom anna føremålsføresegn og ei oppløysingsføresegn om at overskytande midlar ved ei ev. oppløysing skal falle på eit tilsvarande godkjent føremål  
  • Årsrekneskap og årsmelding

I kravet til nasjonalt omfang ligg det at ein må drive aktiviteten ut over det reint lokale, men det blir ikkje kravd aktivitet i alle fylke. Talet på medlemmer og korleis dei er spreidd geografisk indikerer òg kor stor aktivitet og utbreiing organisasjonen har. Lokale organisasjonar knytte til ei sentral samanslutning som oppfyller vilkåra i skattelova § 6-50, kan reknast for å ha nasjonalt omfang. Føresetnaden er at dei lokale organisasjonane er bundne av den sentrale samanslutninga sine vedtekter om føremål. Det er vidare ein føresetnad at det er sentrale ledd i samanslutninga som fører rekneskap over mottekne gåver og som gir dei nødvendige opplysningane elektronisk til Skattedirektoratet.

Dersom det gjeld godkjenning av ei stifting, skal ein sende inn dokumentasjon på at ein tek imot offentleg støtte.Trus- og livssynssamfunn må òg oppfylle kravet til nasjonalt omfang for å kome inn under gåvefrådragsordninga.

Skattekontoret sender førehandsgodkjenninga til Skattedirektoratet, som dersom det ikkje har innvendingar, fører organisasjonen opp på lista over godkjende organisasjonar. Dersom vilkåra for godkjenning ikkje er oppfylte, får organisasjonen eit brev frå skattekontoret om at organisasjonen ikkje er godkjend. Det går fram av brevet kva for vilkår ein ikkje reknar som oppfylt(e). Organisasjonen kan be Skattedirektoratet om å vurdere søknaden på nytt.

Innrapporteringsplikt til Skattedirektoratet

Godkjende norske organisasjonar skal rapportere inn mottekne gåver elektronisk via Altinn.

Det er to måtar å sende inn opplysningar på i Altinn:

  1. Tredjepartsopplysningar – gåver til visse frivillige organisasjonar og trus- og livssynssamfunn (RF-1310)
    Manuelt utfyllingsskjema meint for oppgåvegivarar som har få oppgåver å levere eller som skal melde frå om at organisasjonen ikkje har teke imot gåver i løpet av året. 
  2. Tredjepartsopplysningar som vedlegg (RF-1301)
    I dette skjemaet vel ein oppgåvetypen "Gåver til organisasjonar" frå nedtrekksmenyen i fana "Hovudskjema". Under fana "Oversikt – skjema og vedlegg" lastar ein opp ei eller fleire XML-filer med oppgåver og skjema med vedlegg blir sendt inn.

Inntil vidare kan ikkje godkjende utanlandske organisasjonar rapportere inn gåver elektronisk til Skattedirektoratet. Den utanlandske organisasjonen skal innan 1. februar året etter gåva er motteken, utferde ei kvittering til givaren som skal innehalde opplysningar om namnet til givaren, adressa, norsk fødselsnummer/organisasjonsnummer og mottekne gåvebeløp i norske kroner. Når frådragskravet blir kontroller, må skattytaren kunne leggje fram denne kvitteringa for skattestyresmaktene.

Du kan lese meir om innrapporteringa under Gåver til visse frivillige organisasjonar og trus- og livssynssamfunn.

Skatteforvaltingslova § 7-10 bokstav c og skatteforvaltingsforskrifta § 7-10 C

Gåvegivar

Skattytarar kan krevje frådrag i skattepliktig inntekt for pengegåver gitt til visse frivillige organisasjonar, trus- og livssynssamfunn, jf. skattelova § 6-50. Gåva må utgjere til saman minst 500 kroner til kvar einskild organisasjon i inntektsåret. Maksimalt frådrag for gåver til ein eller fleire organisasjonar, sjå satsen for året det gjeld. Frådrag i skattepliktig inntekt kan givast til både næringsdrivande og privatpersonar.

For at ei gåve til ein organisasjon skal gi rett til frådrag for givaren, må mottakaren av gåva vere godkjend av skattestyresmaktene. Det er òg eit krav at norske organisasjonar har rapportert inn det mottekne gåvebeløpet til Skattedirektoratet elektronisk via Altinn.no. Ved rapporteringa må ein identifisere givaren med fødselsnummer og namn. 

Gåvefrådraget blir førehandsutfylt i givaren si skattemelding for formues- og inntektsskatt (gjeld personlege skattytarar).

Inntil vidare kan ikkje godkjende utanlandske organisasjonar levere opplysningar om gåver elektronisk. Det inneber at frådraget til givaren ikkje kjem førehandsutfylt på skattemeldinga, men må førast opp av givaren sjølv i post 3.3.7. Skattytaren kan difor ikkje nytte høvet til leveringsfritak dersom han ønskjer frådrag for gåve til utanlandsk organisasjon. Den utanlandske organisasjonen må innan 1. februar året etter at gåva er motteken, utferde ei kvittering til givaren som skal innehalde opplysningar om namnet til givaren, adressa, norsk fødselsnummer/organisasjonsnummer og mottekne gåvebeløp i norske kroner. Skattytaren må kunne leggje fram kvitteringa når skattekontoret skal kontrollere frådraget.

Organisasjoner som har mottatt gave med fradragsrett for giver

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.