Tap av frådrag ved kontant betaling

  • Skriv ut

Ved kontant betaling taper ein retten til både frådrag ved skatteberekninga og frådrag for meirverdiavgift.

Ein må betale varer og tenester via bank eller anna føretak som har rett til å drive betalingsformidling for at ein ikkje skal tape retten til frådrag ved skatteberekninga og frådrag for meirverdiavgift.

Denne regelen gjeld òg for privatpersonar som til dømes leiger ut eigen bustad eller annan fast eigedom og som vil ha frådrag for utgifter knytt til den skattepliktige utleiga.

Føremålet med føresegnene er å motverke unndraging av skattar og avgifter. Når du betaler via bank, gjer det transaksjonen lettare å spore og gjer det vanskelegare for useriøse næringsdrivande å skjule omsetninga. I tillegg medverkar føresegna til å redusere den konkurransevridinga og omfordelinga av kostnader i samfunnet som skatteunndragingar fører til.

10 000 kroner

Føresegnene gjeld kontantutbetaling på 10 000 kroner eller meir. Er betaling for ein leveranse splitta opp i fleire delbetalingar, er det den samla betalinga som gjeld i høve til beløpsgrensa. Betaling for løpande eller periodiske ytingar skal sjåast samla for alle kostnader som kjem til frådrag same år.

Dersom ein har betalt kontant slik at frådragsretten fell bort, skal beløpet verken inngå i det skattemessige avskrivingsgrunnlaget for eigedelen eller i den skattemessige inngangsverdien ved seinare realisasjon.

Frådrag som er gitt ved skatteberekninga, men som ein taper som følgje av betalingsmåten, skal takast til inntekt det året betalinga skjedde. Meirverdiavgift som er ført til frådrag i ei omsetningsoppgåve skal tilbakeførast i den terminen betalinga skjedde.

Reglane om skattemessig tap av frådrag ved kontant betaling gjeld alle kostnader som er komne på frå 1. januar 2011. For meirverdiavgift gjeld regelverket for varer og tenester som er leverte frå same tidspunkt.

Reglane er tekne inn i skattelova § 6-51 og meirverdiavgiftslova § 8-8. Finansdepartementet har gitt forskrifter til føresegnene, FSFIN §6-51-1 .

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.