Presisering av dei nye føresegnene om frådragsnekt ved kontant lønnsutbetaling

  • Skriv ut

Skattedirektoratet har teke imot fleire spørsmål om fortolkinga av føresegnene ved kontant og delvis kontant betaling av lønn.

1. januar 2011 tok dei nye føresegnene om frådragsnekt for kontant betaling i skattelova § 6-51 og meirverdiavgiftslova § 8-8 til å gjelde. 

Føresegnene set opp vilkår om at varer, tenester o.a. må betalast via bank, for at det skal bli gitt frådrag i alminneleg inntekt og frådrag for inngåande meirverdiavgift. Føremålet med føresegnene er å redusere bruken av kontantar, ettersom ein reknar med at dette er eit viktig bidrag til å redusere fleire typar økonomisk kriminalitet, mellom anna betaling for svart arbeid.

Kontant betaling av lønn

I førespurnadene som kjem inn til Skattedirektoratet er det mellom anna stilt spørsmål om ein ved utbetalingar til lønn kan sjå bort frå skattelova § 6-51, slik at lønn kan betalast ut kontant og likevel gi rett til frådrag. Eit av argumenta har vore at det i ein del bransjar er mest praktisk med kontant lønnsutbetaling, særleg i tilfelle der ein nyttar utanlandsk arbeidskraft og arbeidstakarane ikkje har bankkonto her i landet.

Vilkåret om betaling via bank rettar seg mot alle typar kostnader og det er såleis ikkje gjort unnatak for nokon arter av kostnader. Dette inneber at òg lønnskostnader kjem inn under vilkåret, og utbetalingane må dermed vere gjennomførte via bank for at ein skal ha rett til frådrag. Skattedirektoratet vil her påpeike at det følgjer av forskrift til skattelova § 19. november 1999 nr. 1158 § 6-51-1 andre ledd, at betaling til bank i arbeidaren sitt heimland blir rekna som betaling via bank. Dersom lønnsutbetalinga blir gjennomført slik, gir dette rett til frådrag.

Delvis kontant betaling

Det har vidare vore stilt spørsmål om korleis ein skal praktisere føresegna for tilfelle der éin del av kostnadene for ei vare eller teneste blir betalt via bank og éin del blir betalt kontant. 

Dersom det samla beløpet for ei vare, teneste o.a. er over kr 10 000, ligg det berre føre frådragsrett for den delen som blir betalt via bank. Den delen av totalbeløpet som er betalt kontant, er det ikkje frådragsrett for. Dette gjeld uavhengig av om dette beløpet er over eller under kr 10 000, så lenge det samla beløpet er over kr 10 000.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.