Tilskot til vitskapleg forsking og yrkesopplæring

  • Skriv ut

For at tilskot til eit institutt skal gi rett til frådrag for givaren, må mottakaren av tilskotet vere godkjend av skattestyresmaktene etter skattelova.

Mottakar av tilskot

Søknad om godkjenning av institutt

Instituttet må sjølv søkje sitt lokale skattekontor om førehandsgodkjenning. Ein søknad skal innehalde instituttet sine vedtekter, og det må gå fram av desse at Storting eller departement har fått høve til å oppnemne ein representant til instituttstyret. Vedtektene må òg bestemme at overskytande midlar ved ei ev. oppløysing skal nyttast i samsvar med instituttet sitt føremål. Vidare bør ein gjere greie for instituttet sin aktivitet og elles på kva grunnlag ein reknar vilkåra i § 6-42 for oppfylte.

Skattekontoret sender førehandsgodkjenninga til Skattedirektoratet som dersom det ikkje har noko å innvende, fører instituttet opp på lista over godkjende institutt. Er vilkåra for godkjenning ikkje oppfylte, får instituttet brev frå skattekontoret om at det ikkje er godkjent. Det går fram av brevet kva for vilkår ein ikkje reknar som oppfylt(e). Ein kan klage til Skattedirektoratet på avgjerda.

Sjå meir om vilkåra for å bli godkjent som institutt i Lignings-ABC, Gaver og tilskudd utenfor arbeidsforhold.

Oppgåveplikt til Skattedirektoratet


Likningsoppgåve: Tilskot til vitskapleg forsking eller yrkesopplæring.

Forskrift om levering av ligningsoppgaver over tilskudd til vitenskapelig forskning og yrkesopplæring.

Den som yter tilskot

Skattytarar kan krevje frådrag for tilskot til institutt som under medverknad av staten utfører vitskapleg forsking eller yrkesopplæring, jf. skattelova §  6-42. For tilskot over 10 000 kroner, er frådraget avgrensa til 10 prosent av den alminnelege inntekta til skattytaren (før frådrag for tilskotet) etter at underskotet som kan framførast for året, og ev. tidlegare år er trekt frå.

Frådrag for tilskot til vitskapleg forsking kan givast til både næringsdrivande og personlege skattytarar. Frådrag for tilskot til yrkesopplæring kan derimot berre givast næringsdrivande og det blir kravd at yrkesopplæringa kan ha vere viktig for verksemda til skattytaren.

For at tilskot til eit institutt skal gi rett til frådrag for givaren, må mottakaren av gåva vere godkjend av skattestyresmaktene.

Institusjoner som er omfattet av ordningen

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.