Andre frådrag du kan ha krav på

Andre aktuelle frådragspostar for utanlandsk sjølvstendig næringsdrivande med mellombels opphald i Noreg

Pendlarfrådraga blir handsama på ei eiga side.

Post 3.2.8 Frådrag for reise mellom heim og fast arbeidsstad

Du kan få frådrag for reiser mellom heimen og den faste arbeidsstaden (arbeidsreiser) ut frå ein utrekna reiseavstand i kilometer. 

I praksis vil det seie at om du reiser tur-retur heimen og den faste arbeidsstaden fem dagar i veka, og den daglege avstanden overstig 64 km (tur-retur), kan du ha krav på reisefrådrag. Ved kortare reiseavstand kan du òg ha krav på frådrag dersom du
• har hatt fleire reiser i året enn 230 (tur-retur) eller
• har krav på frådrag for besøksreiser ved opphald utanfor heimen (pendlaropphald), sjå Pendlarfrådrag for meirkostnader ved pendling til heimen i utlandet

Post 3.2.10 Frådrag for kostnader til pass og stell av barn (foreldrefrådrag)

Dersom du har barn som er 11 år eller yngre (fødde i 2005 eller seinare), kan du krevje foreldrefrådrag for kostnader til pass og stell av barn som bur heime (kostnader til dagmamma, barnehage, skulefritidsordning osv.).

Frådraget er avgrensa til kr 25 000 for eitt barn, og frådragsgrensa aukar med kr 15 000 for kvart barn utover det første.

Post 3.2.12 Frådragsgivande premie til utanlandsk pensjonsordning (EØS) i arbeidsforhold

Frå og med inntektsåret 2015 kan det givast frådrag for innbetalingar til utanlandske pensjonsordningar som er etablerte i ein EØS-stat. 

torsdag 03.02.2019

Postane 3.3.1/3.3.2 Gjeldsrenter i Noreg og i utlandet

Er du skattepliktig som busett i Noreg, har du krav på frådrag for gjeldsrenter. Har du fast eigedom eller verksemd i utlandet som ikkje kan skattleggjast i Noreg som følgje av ein skatteavtale, skal rentefrådraget avgrensast. Har du berre fast eigedom eller verksemd i utlandet som ikkje kan skattleggjast i Noreg og ingen skattepliktig formue i Noreg, fell rentefrådraget i praksis bort.

Det er særskilde reglar dersom du eig bustad eller fritidsbustad i eit anna EØS-land og inntekt og gevinst er skattefri i Noreg etter skatteavtalen med det landet bustaden eller fritidsbustaden ligg i. Då får du likevel fullt frådrag for gjeldsrenter. For inntektsåret 2016 gjeld dette dersom du har bustad eller fritidsbustad i Belgia, Italia eller Kroatia. Har du fått frådrag for gjeldsrentene i det landet der bustaden eller fritidsbustaden ligg, får du ikkje frådrag for dette beløpet i Noreg. Du må derfor opplyse om kva frådrag du har kravd i det landet der bustaden eller fritidsbustaden ligg.

Renter på lån i utlandet skal dokumenterast.

Dersom du ikkje er skattepliktig som busett i Noreg, har du i utgangspunktet berre krav på frådrag for gjeldsrenter som er knytte til fast eigedom i Noreg eller næringsverksemd som er skattepliktig i Noreg. 

Er du busett i eit EØS-land og avgrensa skattepliktig til Noreg, kan du òg få frådrag for gjeldsrenter etter dei same reglane som ein person som er busett i Noreg. Dette gjeld berre når minst 90 prosent av den samla inntekta di er skattepliktig i Noreg. Har du fast eigedom eller verksemd i utlandet som ikkje kan skattleggjast i Noreg som følgje av ein skatteavtale, skal rentefrådraget avgrensast. Innanfor EU/EØS gjeld dette når du har fast eigedom eller verksemd i Belgia, Italia eller Kroatia. Har du fast eigedom i eit av desse landa og ingen skattepliktig formue i Noreg, fell rentefrådraget i praksis bort.

Det er særskilde reglar dersom du eig bustad eller fritidsbustad i eit anna EØS-land og inntekt og gevinst er skattefri i Noreg etter skatteavtalen med det landet bustaden eller fritidsbustaden ligg i. Då får du likevel fullt frådrag for gjeldsrenter. For inntektsåret 2016 gjeld dette dersom du har bustad eller fritidsbustad i Belgia, Italia eller Kroatia. Har du fått frådrag for gjeldsrentene i det landet der bustaden eller fritidsbustaden ligg, får du ikkje frådrag for dette beløpet i Noreg. Du må derfor opplyse om kva frådrag du har kravd i det landet der bustaden eller fritidsbustaden ligg.

Du må leggje fram tilstrekkelege opplysningar om inntektene dine utanfor Noreg til at det kan vurderast om minst 90 prosent av inntektene er skattepliktige i Noreg. Krev du frådrag for gjeldsrenter, skal du skattleggjast for renteinntekter o.l. frå norske kjelder.

Post 3.3.7 Andre frådrag

Spesifiser kva du krev frådrag for.

Postane 3.1.8/3.1.9/3.1.10 Tap ved sal av aksjar og partar i fond o.a. 

Dersom du ikkje er skattepliktig som busett i Noreg, kan du ikkje krevje frådrag for tap ved sal av aksjar og partar i fond o.a. Står det eit førehandsutfylt beløp i ein av desse postane, skal du stryke beløpet.

Dersom du er skattepliktig som busett i Noreg, kan du krevje frådrag for tap ved sal av aksjar og partar i fond o.a. 

Post 1.5.6 Frådrag for kjeldeskatt på utbytte av aksjar (Kreditfrådrag)

Dersom du er skattepliktig i Noreg for utbytte frå eit utanlandsk selskap, kan du krevje frådrag (kreditfrådrag) i den norske skatten for kjeldeskatt som er trekt ved utbetalinga (avgrensa til den satsen som følgjer av skatteavtalen). Du må dokumentere betalt skatt og fylle ut skjemaet «Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag» (RF-1147) og krysse av i post 1.5.6. Vil du ha meir informasjon, kan du sjå Rettleiing til RF-1147 Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag