Deltakarar i selskap med deltakarfastsetting

Dersom du er deltakar i eit selskap med deltakarfastsetting (ANS, KS o.a.), skal du betale skatt for din del av overskotet, ev. underskotet i verksemda, og netto formue. Utanlandske deltakarar skal skattleggjast i Noreg dersom deltakaren gjennom selskapsdeltakinga utøver verksemd her gjennom ein fast driftsstad.

Frist for innlevering er 31. mai.

Kva er eit selskap med deltakarfastsetting?

Skattemelding for selskap med deltakarfastsetting (SDF) 

Slik fyller du ut skattemeldinga for selskap med deltakarfastsetting (SDF)

Selskap med deltakarfastsetting skal levere: 

I tillegg skal deltakarane sjølve levere:

Selskap med deltakarfastsetting (ANS, KS o.a.) er ikkje eigne skattesubjekt etter norsk rett. Formuen og inntekta til selskapet blir dermed skattlagde hjå kvar einskild deltakar (deltakarfastsetting).

Dette gjeld både del av overskot eller underskot, eventuelt ei særskilt godtgjersle for arbeidsinnsats i Noreg og tillegg i alminneleg inntekt for personlege deltakarar. Gevinst ved realisasjon av part i norsk ansvarleg selskap kan skattleggjast i Noreg når deltakaren blir rekna for å ha drive verksemd her gjennom ein fast driftsstad.