Frist og innlevering

Fristen for å levere skattemeldinga er 31. mai 2017 for næringsdrivande

Øvst i høgre hjørne på skattemeldinga di står det om skattemeldinga er for næringsdrivande eller lønnstakarar og pensjonistar.

For deg som ikkje har fått ei førehandsutfylt skattemelding for 2016

Næringsdrivande som ikkje får tilsendt ei førehandsutfylt skattemelding, skal fylle ut og levere Skattemelding (sjølvmelding) for personar som ikkje har fått tilsendt førehandsutfylt skattemelding for 2016 (RF-1281). 

Dersom du ikkje kan levere skattemeldinga elektronisk sjølv eller via rekneskapsføraren eller revisoren din, kan du levere skjemaet Skattemelding for person som ikkje har motteke førehandsutfylt skattemelding for 2016 (RF-1281) som vedlegg via skjema for e-kontakt  eller på papir. Skattemeldinga skal sendast til Skatteetaten, Postboks 4305, 8606 Mo i Rana. 

Korleis gjer du det?

Du kan levere på to ulike måtar. Test kva for ein som passar best for di bedrift.

Praktisk om skattemeldinga 

Sjå korleis du loggar inn, legg til vedlegg, endrar postar eller endrar kontonummer for tilbakebetaling av skattepengar.

Levering av skattemeldinga 

Dersom du er ein utanlandsk sjølvstendig næringsdrivande, skal du i utgangspunktet levere skattemeldinga for næringsdrivande elektronisk på skatteetaten.no eller altinn.no.  Logg inn med ID-porten og PIN-kodar

Utsett leveringsfrist

Du kan søkje Skatteetaten om utsett leveringsfrist dersom du har særlege grunnar, til dømes sjukdom eller reisefråvær, som gjer det svært vanskeleg for deg å levere skattemeldinga innan fristen. Du kan søkje om utsett frist elektronisk. Du kan òg sende ein skriftleg søknad med grunngjeving og opplysningar om fødselsnummer/d.-nummer, namn og adressa di.

Sjå skatteetaten.no/skjema dersom du ønskjer informasjon om andre skjema for næringsdrivande.