Lønn og andre inntekter

2.7.6 Inntekt frå anna næring (RF-1175 eller RF-1242)

Næringsdrivande må overføre næringsinntekt frå Næringsoppgåve 1 (RF-1175). 

2.7.8 Inntekt frå KS, ANS som driv anna næring (RF-1221)

Deltakarar må overføre inntekt frå Deltakaren si melding over eigen formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetting (RF-1221) Sjå Deltakarar i selskap med deltakarfastsetting dersom du vil ha meir informasjon.

Post 2.8.5 Inntekt av fast eigedom

Inntekt av fast eigedom i Noreg er alltid skattepliktig i Noreg og skal givast opp i skattemeldinga.

Fast eigedom i utlandet er i utgangspunktet skattepliktig når du er skattepliktig som busett i Noreg. Dersom den faste eigedomen ligg i eit land som Noreg har ein skatteavtale med og som nyttar fordelingsmetoden for å unngå dobbeltskattlegging, skal inntekta frå den faste eigedomen ikkje skattleggjast i Noreg. Ein må likevel oppgi formuesverdien til eigedomen. Sjå post 4.6.1 for utrekning av formuesverdi for fast eigedom i utlandet.

Når inntekt frå fast eigedom i utlandet er skattepliktig i Noreg, skal inntekta fastsetjast etter norske reglar. Eigen bruk av bustad/fritidsbustad i utlandet er skattefri på same måten som når bustaden/fritidsbustaden ligg i Noreg. Sjå post 2.8.5 Inntekt av fast eigedom i utlandet dersom du vil ha meir informasjon.

Aksjar og partar i fond

Postane 3.1.5,  3.1.6,  3.1.7,  3.1.8,  3.1.9 og 3.1.10 

Er du ikkje skattepliktig som busett i Noreg, skal utbytte på / gevinst ved sal av norske og utanlandske aksjar og partar i fond ikkje førast i skattemeldinga. Står det eit førehandsutfylt beløp i ein av desse postane, skal du stryke beløpet.

Er du skattepliktig som busett i Noreg, er utbytte på / gevinst ved sal av norske og utanlandske aksjar og partar i fond skattepliktig i Noreg.

Utbytte og avkastning av partar i fond som ikkje er førehandsutfylte i post 3.1.5 og post 3.1.6, skal du føre i post 3.1.7.

Gevinst ved sal og annan realisasjon av norske og utanlandske aksjar og partar i fond fører du i post 3.1.8post 3.1.9 eller post 3.1.10.

Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag» (RF-1147) 

Sjå skatteetaten.no/aksjer dersom du vil ha meir informasjon.

Opplysningar om inntekt og andre ytingar i skattemeldinga

Dei ferdigutfylte postane byggjer på opplysningar oppdragsgivaren din har rapportert til Skatteetaten i a-meldinga. Kva som er rapportert inn på deg kan du sjølv kontrollere i innsynstenesta Mine inntekter og arbeidsforhold – innsyn i kva som er rapportert inn.