Pendlarfrådrag for meirkostnader ved pendling til heimen i utlandet

Dersom du på grunn av arbeidet må bu utanfor heimen din i utlandet og du besøkjer denne heimen regelmessig, kan du ha krav på frådrag for meirutgifter til kost og losji i Noreg og til reiseutgifter når du besøkjer heimen i utlandet. Dette kallar vi «pendlarutgifter». Du kan krevje pendlarfrådrag når du oppfyller vilkåra for å bli rekna som pendlar. 

Sjekk om vi reknar deg som pendlar

Om du ikkje oppfyller krava for å krevje pendlarfrådrag, kan du ha krav på frådrag for arbeidsreiser mellom heimen og arbeidsstaden (post 3.2.8)

Kva for frådrag kan du krevje som pendlar?

Har du sjølv betalt kostnadene, kan du krevje frådrag for: 
• Besøksreiser til heimen. Reglane om reisefrådrag er ulike avhengig av om du reiser til ein heim innanfor eller utanfor EØS-området, sjå nedanfor
• Det du har betalt for losji (leigekostnader). Du må kunne leggje fram kvitteringar for beløpa.
• Meirutgifter til kost etter standardsatsar som Skatteetaten fastset kvart år. For 2016 er satsen kr 200 per døgn. Er det ikkje mogeleg å koke mat der du bur, er satsen kr 307 per døgn.

Har oppdragsgivaren din dekt delar av kostnadene, kan du berre krevje frådrag for dei kostnadene du sjølv har dekt. Har du til dømes fri bustad i Noreg som er dekt av oppdragsgivar, kan du krevje frådrag for kost og besøksreiser som forklart nedanfor.

Har oppdragsgivaren din dekt pendlarutgifter, er fordelen ved dette skattefri, såframt at du ville hatt krav på frådrag for utgiftene dersom du hadde dekt dei sjølv. Det same gjeld motteken godtgjersle som ikkje overstig satsane for frådrag. Berre eit eventuelt overskot på godtgjersla skal skattleggjast som lønn.

Har oppdragsgivaren din dekt alle kostnadene til kost, anten etter rekning eller ved fri kost, og du tek imot dette skattefritt, skal du skattleggjast for «kostinnsparing i heimen». For 2016 er satsen for dette kr 87 per døgn. Det er teke omsyn til kostinnsparing i frådragssatsane.

Frådraget for reise mellom heim og arbeidsstad og frådrag for besøksreiser til ein heim innanfor EØS-området, skal reknast ut etter ein sats per km. Talet på km fastset ein etter den kortaste reisestrekninga av veg og distanse med rutegåande transportmiddel bortsett frå fly, mellom bustaden i Noreg og bustaden i heimlandet. Du må kunne dokumentere/sannsynleggjere talet på turar. For 2016 er satsen kr 1,50 per km for inntil 50 000 km per år. For tal kilometer som overstig 50 000 km er satsen kr 0,70 per km. Du kan i tillegg krevje frådrag for faktiske kostnader til bompengar og ferje for den delen av beløpet som overstig kr 3 300 for heile året. For ferjestrekninga kan du velje å krevje avstandsfrådrag i staden for faktiske kostnader.

Du får ikkje avstandsfrådrag for den delen av den samla årlege reisestrekninga som til saman overstig 75 000 kilometer. Krev du avstandsfrådrag etter kilometersats, kan du dermed ikkje få høgare årleg frådrag enn kr 92 500 ((50 000 km x kr 1,50) + (25 000 km x kr 0,70)) - kr 22 000 (botnfrådrag). Maksimalt faktisk avstandsfrådrag blir dermed kr 70 500. Faktiske kostnader til bom og ferje kan du krevje i tillegg.

Krev du i staden frådrag for faktiske kostnader til flyreise og i tillegg krev avstandsfrådrag for delar av reisa, er det berre den delen av reisa som det blir kravd avstandsfrådrag for som inngår i avgrensinga på 75 000 kilometer.

Reiser du til heimen utanfor EØS-området, gjeld ikkje reglane om avstandsfrådrag. I staden kan du få frådrag for dokumenterte kostnader dersom du brukar andre transportmiddel enn privatbil. Kan du dokumentere bruk av privatbil til heimreisene, kan du likevel krevje frådrag for utgiftene etter kilometersatsane som nemnd ovanfor. Avgrensinga til 75 000 kilometer gjeld også her.

Familiependlar 

Har du felles heim med barn og/eller ektefelle som bur i heimlandet, blir du rekna som skattemessig pendlar når heimen din ligg i utlandet. Du må kunne leggje fram ein vigsel- eller fødselsattest som stadfestar familieforholdet. I tillegg må du kunne leggje fram dokumentasjon på felles bustadadresse i heimlandet. Ein krev vanlegvis òg at du har tre til fire heimreiser med overnatting i året.

Einsleg (ugift) pendlar

Du blir rekna som einsleg pendlar når du ikkje er familiependlar. Er du sambuar, blir du rekna som einsleg i denne samanhengen. Bur du i tillegg saman med eigne barn, blir du derimot rekna som familiependlar.

Kva som blir kravd for at vi skal rekne deg som einsleg pendlar  

Er du einsleg blir det stilt andre krav for at du kan reknast som skattemessig pendlar. Einslege blir rekna som busette der dei har «sjølvstendig bustad». Har du sjølvstendig bustad i Noreg, blir du rekna som busett i Noreg og får ikkje frådrag for utgifter ved besøk til heimlandet.

Bustaden i Noreg blir rekna som sjølvstendig når:

• du disponerer han i minst 12 månader og har tilgang til han alle dagar i veka
• bruksarealet til primærdelen av bustaden (eller buarealet) er minst 30 kvm 
• bur det fleire personar i bustaden, er kravet ytterlegare 20 kvm for kvar bebuar over 15 år 
• bustaden har innlagt vatn og avløp

Du kan krevje frådrag for pendlarutgifter når du pendlar til heimen din i utlandet og desse krava er oppfylte: 
• du har ikkje sjølvstendig bustad i Noreg
• du har sjølvstendig bustad i heimlandet, eller er under 22 år ved utgangen av inntektsåret og pendlar til foreldra dine.
• du reiser heim kvar tredje veke. Sjeldnare heimreiser kan godtakast når særlege grunnar talar for det, til dømes ved sjukdom eller dårleg økonomi
• Du må i tillegg dokumentere bustadadressa di i utlandet

Er du under 22 år ved utgangen av inntektsåret og pendlar til foreldreheimen, må du kunne dokumentere familietilknytinga med fødselsattest. I tillegg må du kunne leggje fram dokumentasjon på felles bustadadresse i utlandet og kunne sannsynleggjere talet på reiser mellom bustaden i heimlandet og bustaden i Noreg. Vanlegvis er det nok at du reiser heim kvar sjette veke.

Du kan òg reknast som pendlar sjølv om bustaden i Noreg blir rekna som sjølvstendig. Krava er då at: 
• du har vore registrert som busett på den same staden (kommune) i heimlandet i tre år
• du ikkje leiger ut bustaden i heimlandet 
• bustaden i Noreg ikkje er større enn halvparten av bustaden i heimlandet

Frådrag for pendlarutgifter fører du i post 3.2.7 og 3.2.9

Sjå òg skatteetaten.no/pendler  

Post 3.2.7 Frådrag for meirkostnader til kost og losji ved opphald utanfor heimen

Pendlar du mellom bustad i heimlandet og bustad i Noreg, kan du ha krav på frådrag.