Skatt når du er næringsdrivande i Noreg

Næringsdrivande (eigar av enkeltpersonføretak) og skatteplikt til Noreg

Du skal betale skatt i Noreg når du driv verksemd i Noreg. Dette gjeld etter gitte reglar om kor lenge opphaldet varer og kva type verksemd det dreiar seg om. Når blir du skattepliktig i Noreg?

Verksemd gjennom ein fast driftsstad i Noreg

Det er berre den inntekta som knyter seg til den faste driftsstaden, som er skattepliktig i Noreg. Du får berre frådrag for kostnader som knyter seg til verksemda i Noreg. Skattlegginga skjer etter norske reglar. Dette inneber mellom anna at ein skal berekne personinntekt av den inntekta som er skattepliktig i Noreg.Slik fyller du ut skattemeldinga

Fritt yrke utan fast driftsstad

Dersom du til dømes er lege, revisor, ingeniør eller konsulent (såkalla fritt yrke), kan du òg bli skattepliktig i Noreg, når du har opphalde deg i Noreg i meir enn 183 dagar i løpet av ein periode på 12 månader. Dette gjeld sjølv om du ikkje har nokon fast driftsstad.

Norsk kontinentalsokkel

Du er i utgangspunktet også skattepliktig i Noreg når du driv verksemd på den norske kontinentalsokkelen. Skatteavtalane har ulike reglar som avgrensar skatteplikta.