Slik fyller du ut skattemeldinga

Næringsdrivande må levere skattemelding for næringsdrivande, Næringsoppgåve 1 (RF-1175) eller Næringsoppgåve 2 (RF-1167). Du som har enkeltpersonføretak må i tillegg levere skjemaet Personinntekt frå enkeltpersonføretak (RF-1224). 

Du kan levere på to ulike måtar. Test kva for ein som passar best for di bedrift.

Skattemeldinga er førehandsutfylt med opplysningar som Skatteetaten har fått frå arbeidsgivarar, bankar, forsikringsselskap o.a. Når du har skattepliktig inntekt og formue som ikkje er førehandsutfylt i skattemeldinga, må du sjølv føre desse inn slik at dei blir tekne med. Du må òg kontrollere at dei førehandsutfylte opplysningane er fullstendige og korrekte.

Dersom det ikkje er ein eigen post i den førehandsutfylte skattemeldinga for beløpet du skal føre inn, oppgir du beløpa i feltet «Beløp som ikkje er førehandsutfylte, skal førast her». Oppgi nummeret på posten. Nedanfor finn du ei oversikt over dei mest aktuelle postane. Ei oversikt over alle postane finn du på skatteetaten.no/finnpost. Finn du ikkje postnummeret kan du skrive kva beløpet gjeld. Nye eller endra frådrags­ og gjeldsbeløp fører du opp med minusteikn, inntekts­ og formuesbeløp fører du utan forteikn. Oppgi beløpa i heile kroner. Dersom du skal rette førehandsutfylte beløp, skal inntekts- og frådragsbeløp førast i den første rettekolonnen, formues- og gjeldsbeløp i den andre. Sjå òg Hjelp til skattemeldinga for utanlandske arbeidstakarar eller skatteetaten.no/skattemeldingbedrift.

Kontroller at alle inntektene og frådraga dine er komne med.

Frådragsvegvisar for enkeltpersonføretak

Fylle ut skattemeldinga for næringsdrivande

Personinntekt frå enkeltpersonføretak (RF-1224)

Enkeltpersonføretak må i tillegg til den personlege skattemeldinga si levere skjemaet Personinntekt frå enkeltpersonføretak (RF-1224)Du må overføre den utrekna personinntekta di frå RF-1224 til post 1.6.2 i skattemeldinga.

Dei mest aktuelle postane i skattemeldinga

I tillegg bør du sjå over desse postane:

Korleis oppgir du inntekter, gjeld og formue

Frådrag du kan ha krav på

Sjå og levere skattemelding (sjølvmeldinga) med næringsoppgåver

Sjå skatteetaten.no/skjema dersom du ønskjer meir informasjon om andre skjema for næringsdrivande.