Slik deler ektefellar inntekt frå felles verksemd

  • Skriv ut

Ektefellar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar kan dele inntekt frå felles verksemd mellom seg.

I så fall må begge ektefellane m.m. ha arbeidet i verksemda i inntektsåret. Eig begge ektefellane m.m. føretaket saman, blir det rekna som felles verksemd. Ein kan òg rekne føretak som berre ein av ektefellane m.m. eig som felles verksemd i skattemessig samanheng.

Ektefellane m.m. deler inntekta frå felles verksemd etter arbeidsinnsatsen som kvar av dei har lagt ned i verksemda i inntektsåret. I totalvurderinga tek de omsyn til både kvaliteten og omfanget av arbeidet. Har ektefellane m.m. lagt ned tilnærma likeverdig innsats i fellesverksemda, kan det vere aktuelt å dele inntekta likt. Har derimot den eine ektefellen m.m. berre utført usjølvstendig eller underordna arbeid, skal ikkje han/ho føre ein større del av inntekta enn det ville kosta verksemda å tilsetje ein utanforståande til å gjere arbeidet. Er ikkje overskotet større enn at det gir begge ektefellane m.m. meir enn eit rimeleg vederlag for arbeidsinnsatsen, kan ektefellane m.m. dele heile overskotet etter arbeidsinnsatsen.

Deler ektefellane m.m. inntekt frå felles verksemd, treng ikkje begge levere næringsoppgåve som vedlegg til skattemeldinga si. Det held at hovudutøvaren leverer RF-1175 «Næringsoppgåve 1» eller RF-1167 «Næringsoppgåve 2», og RF-1224 «Personinntekt frå enkeltpersonføretak». Alternativt kan ein levere Næringsrapport skatt der personinntektskjemaet er inkludert. I næringsoppgåva post 0402 spesifiserer de korleis de deler overskotet. Ektefellen m.m. som ikkje leverer næringsoppgåve og RF-1224 må sjølv føre tala frå desse skjemaa i sjølvmeldinga si. Delen av overskotet fører ektefellen m.m. i sjølvmeldinga post 2.1.3, 2.7.1, 2.7.2, 2.7.3, 2.7.4, 2.7.5 og/eller 2.7.6. Den same ektefellen m.m. fører positiv personinntekt frå RF-1224 post 1.33 i skattemeldinga post 1.6.1. Positivt tal i RF-1224 post 1.34 fører ektefellen m.m. i skattemeldinga post 1.6.2.

Rentekostnader i felles verksemd deler ektefellane m.m. etter den same framgangsmåten som overskotet i næringsoppgåva post 0402. Ein må eventuelt korrigere rentene som er førehandsutfylte i skattemeldinga post 3.3.1. Dette gjer ein ved å føre skattytaren sin del av rentekostnadene til kvar einskild långivar.

Tilsvarande skal ektefellane òg dele renteinntekter, aksjeutbytte o.l. som er bokført i felles verksemd etter den same framgangsmåten som overskotet i næringsoppgåva post 0402.

Det er ikkje mogeleg å føre næringsinntekt i den elektroniske utgåva av «Skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar». Sjå eventuelt rettleiinga til post 2.7  om korleis du byter frå «Skattemeldinga for lønnstakarar og pensjonistar» til «Skattemeldinga for næringsdrivande».

Dersom ein personleg næringsdrivande har ei brutto driftsinntekt i året som ikkje overstig kr 50 000, og samtidig oppfyller dei andre krava, er vedkomande friteken frå å levere næringsoppgåve.  Fritaket gjeld ikkje for ektefellar m.m. som deler inntekt frå felles verksemd mellom seg. Hovudutøvaren må i så fall levere næringsoppgåve og RF-1224 som vedlegg til skattemeldinga/sjølvmeldinga si.

Ektefellar m.m. kan ikkje dele underskot frå felles verksemd med mindre begge er ansvarlege.

Den ansvarlege innehavaren av verksemda fører heile underskotet i post 3.2.19 i sjølvmeldinga si. Ein ektefelle som ikkje er ansvarleg innehavar, kan ikkje få tilordna ein del av underskotet.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.