Starthjelp for næringsdrivande

  • Skriv ut

Har du fått tilsendt skattemelding for næringsdrivande uten å ha drevet næringsverksemd i 2016, skal du likevel levere skattemelding for næringsdrivande med næringsoppgåve 1 (RF-1175) uten å fylle ut næringsoppgåva. Leveringsfritak gjeld ikkje næringsdrivande.

Nyttig informasjon om skattemeldinga for næringsdrivande, leveringsmåtar, vedlegg, skjema og kva du bør hugse på å kontrollere av frådrag på skattemeldinga.

Skattemeldinga for inntekts- og formuesforhold – levering, fristar o.a.

Om førehandsutfylt skattemelding

  • Levering
  • Frådrag
  • Skatteplikt til fleire kommunar
  • Pliktig dokumentasjon
  • Leveringsfrist
  • Fritak frå levering av næringsoppgåve o.a.
  • Viktige skjema
  • Meir informasjon 

skattemeldinga – levering, fristar o.a.

Om førehandsutfylt skattemelding

skattemeldinga er førehandsutfylt med opplysningar som Skatteetaten har frå eigne register eller har fått frå bankar, finansinstitusjonar, andre offentlege etatar og arbeidsgivarar. Det er viktig at du går nøye gjennom og kontrollerer dei førehandsutfylte opplysningane. Det er ditt ansvar at opplysningane er korrekte og fullstendige. Eventuelle feil endrar du i kolonnen «Retta til» ved å endre beløpet. Dersom du har andre opplysningar som har innverknad på likninga, må du òg gi opp desse opplysningane i skattemeldinga.

Finn post- sidene  finn du ut kvar i skattemeldinga du skal føre inntekt/frådrag og formue/gjeld. 

Levering 

Som næringsdrivande får du skattemelding for næringsdrivande, og denne skal du levere saman med opplysningar om næringsverksemda di.

Næringsdrivande skal vanlegvis levere næringsoppgåve og personinntektsskjema, eller Næringsrapport skatt. Kva slags næringsverksemd du driv, avgjer kva for andre skjema som er nødvendige for at du skal få levert ei komplett skattemelding.

Har du fått tilsendt skattemelding for næringsdrivande utan å ha drive næringsverksemd i 2016, skal du likevel levere skattemelding for næringsdrivande med næringsoppgåve 1 (RF-1175) utan å fylle ut næringsoppgåva. Leveringsfritak gjeld ikkje for næringsdrivande.

Kva for leveringsform skal eg velje?

Du kan velje mellom desse alternativa:

Når du bruker næringsoppgåve 2 (RF-1167) eller næringsoppgåve for biletkunstnarar (RF-1242), blir ikkje beløpa overførte frå skjemaa og til skattemeldinga. Dette må du gjere sjølv.

Frådrag 

Hugs å føre opp alle frådrag du har krav på. Då unngår du å betale for mykje skatt. Sjå frådragsvegvisar for enkeltpersonføretak  og frådragsrettleiaren.

 

Ved dødsfallskattemelding til avdøde. Det blir ikkje sendt ut skattemelding for personar som har gått bort i 2016. 

Skatteplikt til fleire kommunar

Dersom du er skattepliktig til fleire kommunar, skal du likevel berre levere skattemeldinga til Skatteetaten éin gong. Saman med skattemeldinga leverer du skjemaet Fordeling av inntekt og formue mellom kommuner (RF-1034) med forslag til fordeling av formue og inntekt mellom kommunane.

Pliktig dokumentasjon

Saman med skattemeldinga skal du alltid sende inn:

  • dokumentasjon på gjeldsrenter i utlandet
  • dokumentasjon på betalt skatt i utlandet dersom du krev kreditfrådrag eller inntektsfrådrag

Du skal levere skattemeldinga med pliktige vedlegg elektronisk via Altinn innan skattemeldingsfristen. 

Annan dokumentasjon skal du berre sende inn dersom Skatteetaten ber om det.

Ver likevel merksam på at du kan bli beden om dokumentasjon også etter at du har motteke skatteoppgjeret. Ta derfor vare på dokumentasjonen.

Leveringsfrist

Leveringsfristen for «skattemelding for næringsdrivande o.a.» er  31. mai.

Ordninga med leveringsfritak gjeld ikkje for dei som får skattemelding for næringsdrivande. 

Har du i 2016 vore deltakar i eit selskap med deltakarfastsetting som sender inn selskapsoppgåva elektronisk, har du frist til 31. mai 2017.

Du kan søkje om utsetjing dersom det er svært vanskeleg for deg å levere innan fristen, til dømes på grunn av sjukdom. Dersom du søkjer elektronisk, får du straks svar på søknaden om utsetjing. Bruk skjema RF-1114.

Fritak frå levering av næringsoppgåve o.a.

Nokre personleg næringsdrivande er fritekne frå å levere næringsoppgåve. Dersom du kjem inn under denne ordninga, kan du likevel velje å levere næringsoppgåve.

Viktige skjema

Meir informasjon

Brosjyrer med informasjon til utenlandske arbeidstakarare med opphald i Norge:

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.