Obligatorisk elektronisk levering av skattemelding med vedlegg for næringsdrivande

  • Skriv ut

Alle som får tilsendt skattemelding for formues- og inntektsskatt for næringsdrivande, uansett selskapsform, MÅ levere. Skattemeldinga med alle skjema/vedlegg MÅ leverast elektronisk innan 31 mai 2017.

Forhold ein må vere merksam på når det gjeld obligatorisk elektronisk levering

  • Alle næringsdrivande, òg personleg næringsdrivande, kjem inn under plikta til elektronisk levering, uavhengig av selskapsform.
  • Skattemeldingar som blir sende inn på papir, blir rekna som ikkje leverte.
  • Personleg næringsdrivande som tidlegare har reservert seg mot elektronisk kommunikasjon får ikkje lenger tilsendt skattemeldinga på papir og må levere elektronisk.
  • Berre somme skjema er tilgjengelege på papir
  • Bedrifter med enkle skatteforhold kan levere skattemeldinga med Næringsrapport skatt.
  • Forretningsføraren for eit verdipapirfond kan sende inn skattemeldinga for fondet elektronisk. Tilgangen til rolla "Forretningsførar" er utvida med å omfatte Altinn-rolla "Avgrensa signeringsrett".
  • Næringsdrivande som er busette på Svalbard kan levere elektronisk.
  • Oljeselskap skal innan 30. april levere Skattemelding for selskap som er omfatta av petroleumsskattelova § 1 elektronisk.

Kva for leveringsform skal eg velje for mi bedrift?

Svalbard

Skjema for utrekning av alminneleg inntekt for enkeltpersonføretak er tilgjengeleg som elektronisk skjema i Altinn.

Oljeselskap

For inntektsåret 2016 er desse skjemaa tilgjengelege som elektroniske skjema i Altinn:

  • RF-1118 Rapportering av oljesalg og beregning av normprisinntekt 2016
  • RF-1120 Beregning av friinntekt 2016
  • RF-1346 Avskrivinger i henhold til petroleumskatteloven 2016

Dødsbu og konkursbu etter personleg næringsdrivande som krev førehandsfastsetting

RF-1040 Skattemelding for fastsetjing av skatt på formue og inntekt på førehand er ikkje tilgjengeleg som elektronisk skjema i Altinn. Dei som skal sende inn skattemelding for førehandsfastsetting for næringsdrivande må fylle ut skjemaet RF-1040 "Skattemelding for fastsetjing av skatt på formue og inntekt på førehand" og sende dette inn som vedlegg via skjema for e-kontakt på skatteetaten.no. Merk innsendinga med at dette gjeld ein annan person enn den som sender inn.

RF-1040 Skattemelding for fastsetjing av skatt på formue og inntekt på førehand kan òg leverast på papir.

Skattemelding for formues- og inntektsskatt til personleg næringsdrivande som er død før fristen for levering.

I dei tilfella der den næringsdrivande / dagleg leiar har delegert roller vidare eller har registrert ein rekneskapsførar i Einingsregisteret, kan rekneskapsføraren hente og levere skattemeldinga elektronisk på vegner av den avlidne. Det er ein føresetnad at dette blei delegert før den næringsdrivande døydde, og at rekneskapsføraren både har innsendingsrett i Altinn, og fått delegert rolla som gir fullmakt til å signere skattemeldinga i Altinn. I andre tilfelle kan skattemeldinga leverast på papir.

Fullmektig / attlevande ektefelle / andre arvingar må å vende seg til skattekontoret. Her finn du informasjon om kva som krevst for å få utlevert skattemeldinga for formues- og inntektsskatt til den avlidne.

Næringsdrivande som har arbeidd i Noreg og som skal levere sjølvmelding før sjølvmeldinga er lagt ut i Altinn

Dei som ønskjer å sende inn skattemeldinga med krav om førehandsfastsetting for næringsdrivande må fylle ut skjemaet RF-1040 "Skattemelding for fastsetjing av skatt på formue og inntekt på førehand" og sende dette inn som vedlegg via skjema for e-kontakt på skatteetaten.no.

Dersom du ikkje krev førehandsfastsetting, men ønskjer å sende inn skattemeldinga før ho ligg føre i Altinn (medio februar) fordi du skal opphalde deg i utlandet, kan du nytte skjemaet RF‑1281 Skattemelding for person som ikkje har motteke førehandsutfylt skattemelding for formues- og inntektsskatt 2016. I desse tilfella kan ein òg levere sjølvmeldinga på papir.

Utanlandske næringsdrivande som ikkje har fått tilsendt førehandsutfylt skattemelding for formues- og inntektsskatt

Dei som ikkje får tilsendt ei førehandsutfylt skattemelding, må fylle ut skjemaet RF‑1281 "Skattemelding for person som ikkje har motteke førehandsutfylt skattemelding for formues- og inntektsskatt 2016" og sende dette inn via skjema for e-kontakt på skatteetaten.no ved å bruke MinID/BankID.

Utanlandske næringsdrivande som ikkje har fått tilsendt førehandsutfylt sjølvmelding

Dei som ikkje får tilsendt ei førehandsutfylt sjølvmelding, må fylle ut skjemaet RF‑1281 "Skattemelding for person som ikkje har motteke førehandsutfylt skattemelding for formues- og inntektsskatt 2016" og sende dette inn via skjema for e-kontakt på skatteetaten.no ved å bruke MinID/BankID. Utanlandske arbeidstakarar og næringsdrivande kan levere RF-1281 på papir dersom dei ikkje har e-ID og ikkje har tilgang til å få dette, eller ikkje har ein rekneskapsførar som kan hjelpe dei.

NUF – Norskregistrerte utanlandske føretak som har skatteplikt i Noreg

Dersom du er styreleiar eller dagleg leiar i eit norskregistrert utanlandsk føretak (NUF), så har føretaket plikt til å sende skattemelding og næringsoppgåve til norske skattemyndigheiter for filialen, eventuelt for heile føretaket dersom dette er skattemessig heimehøyrande i Noreg. Kva slags skjema som skal leverast finn du her.

RF-1298 Oppstart av verksemd – bilagsoversikt.

Blir nytta for å vurdere om du driv skattepliktig verksemd. Dette er eit frivillig skjema. Vi har lagt eit skjema du kan redigere til eige bruk, og som kan lastast opp som eit vedlegg til skattemeldinga dersom det er ønskjeleg å sende dette inn.

RF-1314 Realisasjon av aksjar og partar etter opphøyr av skattemessig bustad i Noreg

Dette skjemaet gjeld exit-skatt og skal leverast innan 5 år etter utflytting for dei som oppfyller krava.

Her finn du ein versjon du kan fylle ut og sende inn som skjema for e-kontakt på skatteetaten.no. Har du ikkje MinID eller BankID skal du sende inn skjemaet på papir. Skjemaet finn du i Altinn frå og med 2016

Frådrag for kostnader for FoU

Næringsdrivande som krev frådrag etter skattefunnordninga må ha signatur på sjølv om dei ikkje har revisorplikt.  Krev du frådrag for utgifter til forsking og utvikling og ikkje har revisjonsplikt eller har sagt opp revisor for levering av skattemeldinga, må du skrive ut RF-1053 "Frådrag i skatt for forsking og utvikling 2016". Signer på papir, skann inn og last opp dokumentet som eit vedlegg til skattemeldinga i Altinn.

UDLS og NOKUS

Ein kan ikkje påleggje utanlandske selskap med deltakarfastsetting  (UDLS) å levere RF-1215 Selskapsmelding for selskap med deltakarfastsetjing  2016 med vedlegg og RF-1233 Selskapet si melding over deltakaren si formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetting  2016. Dersom det berre er éin norsk deltakar i eit slikt UDLS, får vedkomande tildelt ei rolle i Altinn slik at deltakaren kan levere dei nemnde meldingane elektronisk. Er det fleire norske deltakarar i same UDLS pliktar desse å levere desse meldingane i fellesskap.

Dersom deltakarane likevel ikkje leverer felles meldingar, må kvar einskild få oppretta eit nytt internt organisasjonsnummer for det same selskapet i Altinn slik at ikkje ei ny melding overskriv den førre meldinga.

Dette er ei endring i høve til tidlegare praksis. Bakgrunnen er at det no er lagt til rette i Altinn for at alle deltakarar skal kunne levere elektronisk frå og med inntektsåret 2015. For å få eit slikt nytt internt organisasjonsnummer kontaktar de Nina Gulbrandsen ved SFS på nina.gulbrandsen@skatteetaten.no .

I tillegg må norske deltakarar levere si eiga deltakarmelding, RF-1221, saman med skattemeldinga si.

NOKUS-selskap har ikkje oppgåveplikt. Dei norske deltakarane skal levere ei felles Selskapsmelding for NOKUS 2016, RF-1245, i tillegg til at deltakarane skal levere Deltakaren si melding over formue og inntekt i NOKUS 2016, RF-1246, saman med skattemeldinga si. Der det er fleire norske eigarar i det same selskapet, har ein av dei fått tildelt ei rolle i Altinn som gir rett til å levere elektronisk.

Avvikande rekneskapsår

Skattemelding for formues- og inntektsskatt for næringsdrivande må for det avvikande inntektsåret som blei avslutta i 2016 leverast elektronisk via Altinn.

Dette inneber at skattemeldinga for næringsdrivande med avvikande rekneskapsår som blei avslutta i 2016, først kan leverast i den ordinære innleveringsperioden i 2017. Vi viser til det som står ovanfor om obligatorisk innlevering av skattemelding med vedlegg for næringsdrivande.

Dei med avvikande rekneskapsår som avsluttar rekneskapsåret sitt i 2017, kan først levere skattemelding når denne blir tilgjengeleg i 2018, for det avvikande rekneskapsåret som blei avslutta i 2017.

Endring av rutinar for å levere skattemelding for skattefrie institusjonar med skattepliktige aktivitetar

Ein kan ikkje lenger levere skattemelding på organisasjonsnummeret til undereininga, men må levere ho via skatteetaten.no på organisasjonsnummeret til "hovudeininga".

Slutt på å trykkje papirutgåve for dei aller fleste skjemaa

Ettersom alle næringsdrivande no leverer elektronisk, trykkjer Skatteetaten berre opp nokre få papirskjema som kan hentast på skattekontoret. Sjå tabellen nedanfor.

RF-nummer

Namn på skjema

Med tilhøyrande rettleiing

1059

Aksjar og fondspartar m.m. 2016.

Ja, 1072

1084

Avskriving – Saldoskjema

Ja, 1270

1125

Bruk av bil

 

1147

Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag

Ja, 1148

1150

Nedsetting av inntektsskatt på lønn

 

1189

Utleige av fast eigedom

 

1213

Fiske

Ja, 1214

1281

Skattemelding for person som ikkje har motteke førehandsutfylt skattemelding for formues- og inntektsskatt 2016

Ja, 2042

 Dersom ein ønskjer å nytte papirskjema som kladd når ein førebur leveringa av skattemeldinga i Altinn, kan ein laste ned desse og skrive dei ut for eige bruk frå skatteetaten.no/skjema

 

 

Skattemeldingen og Næringsrapport skatt

Næringsrapport skatt er en leveringsform for bedrifter med enkle skatteforhold. Hvis løsningen passer for din bedrift, anbefaler vi at du bruker denne når du leverer skattemeldingen.

Passer Næringsrapport skatt for din bedrift?

Test-deg-selv: Jeg er Næringsdrivende - kan jeg bruke Næringsrapport skatt?

Hvorfor skal jeg velge Næringsrapport skatt?

Hvilken leveringsform skal jeg velge?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.