Berekning av nettoinntekt av omsetning med medlemmene i forbrukarsamvirkeføretak

  • Skriv ut

Selskap har etter norsk skatterett ikkje nokon generell heimel for inntektsfrådrag for bruk av overskot. Bakgrunnen er at bruk av selskapsoverskot til fordel for eigarane ikkje skal påverke den skattepliktige inntekta til selskapet.

For somme samvirkeføretak, som til dømes forbrukarsamvirkeføretak, opnar ein i skattelova § 10-50 likevel for frådrag for bruk av overskot. Det går fram av føresegna at forbrukarsamvirkeføretak kan krevje frådrag i inntekta si for etterbetalingar til medlemmene etter samvirkelova § 27. Frådraget er likevel avgrensa oppover på den måten at ein berre gir frådrag i føretaket si nettoinntekt av omsetning med medlemmene (”Taket”). Den direkte samanhengen mellom nettoinntekta av omsetninga med medlemmer i forbrukarsamvirkeføretak og inntektsfrådraget på selskapet si hand fører til tolkinga av inntektsomgrepet vi her snakkar om blir praktisk viktig. 
 
I forskrift til skattelova § 10-50 har Skattedirektoratet gitt nærmare reglar for korleis ein skal berekne føretaket si nettoinntekt av omsetning med medlemmene. For forbrukar-samvirkeføretak kan ein uttrykkje regelen i denne formelen som er gjengitt i Skatte-ABC 2015 side 1101 pkt 10.3.3:

Føretaket si netto verksemdsinntekt (100) x (gonger) Brutto omsetning med eigne medlemmer (80) / (delt på) Føretaket si regulære omsetning (200)

Med føretaket si netto verksemdsinntekt meiner vi her dei samla skattepliktige inntektene til samvirkeføretaket, inklusive eventuelle provisjonsinntekter, utleigeinntekter o.a. Dette svarar til skattemessig næringsinntekt.

Nyttar ein tala i parentesane, utgjer nettoinntekta av omsetninga med medlemmene i dømet 40. Det maksimale frådraget føretaket kan ha for etterbetaling etter skattelova § 10-50 vil for det aktuelle året då vere 40.

Når ein praktiserer denne formelen er det nødvendig å ta stilling til kva som er den regulære omsetninga til føretaket. Forståinga verkar direkte inn på føretaket si berekna nettoinntekt av omsetning med medlemmer og dermed ”Taket” for frådrag for etterbetaling.

Ved denne vurderinga har Skattedirektoratet hatt som mål å finne ei praktikabel og samtidig juridisk haldbar avgrensing av omgrepet i formelen.

Utgangspunktet for vurderinga er Skattedirektoratet si forskrift (FSSD) § 10-50-4. I samband med dette har direktoratet sett nærare på Næringsoppgåve 2 (RF-1167) for å sjå kva for post(ar) i resultatrekneskapen til føretaket som kan seiast å inngå i føretaket si regulære omsetning.

Når ein tolkar omgrepet ”føretaket si regulære omsetning” i Skattedirektoratet si forskrift § 10-50-4 er det naturleg å sjå til ”samhandlingsprinsippet”. Dette er eit alminneleg samvirkerettsleg prinsipp som byggjer på ein føresetnad om at når ein fordeler føretaket si avkastning ved å etterbetale til medlemmene i forbrukarsamvirka skal dette samsvare med medlemmene sin handel med samvirkeføretaket. Prinsippet er no nedfelt i samvirkelova §§ 1 andre ledd og 27 første ledd og blir omtalt i NOU 2002:6 Lov om samvirkeforetak pkt. 23.4.5 (og er vist til i Ot.prp. nr. 21 (2006-2007) om lov om samvirkeforetak pkt. 5.1.1.).

På grunnlag av dette konkluderer Skattedirektoratet med at ein må forstå uttrykket ”føretaket si regulære omsetning” i FSSD § 10-50-4 vidt, slik at resultatet samsvarer best mogeleg med føremålet med dei særskilde reglane for skattlegging av samvirkeføretak. Dersom ein i staden hadde lagt ei innsnevrande fortolking til grunn, ville ein etter direktoratet sitt syn leggje opp til å rekne ein for stor del av den samla nettoinntekta til føretaket som medlemsomsetning.

I tråd med ei ”vid” forståing av omgrepet la Skattedirektoratet til grunn at desse postane i Næringsoppgåve 2 for 2010 inngår i ”føretaket si regulære omsetning” når ein bereknar føretaket si nettoinntekt av omsetning med medlemmene.

Post:

  • 3000 Salsinntekt og uttak, avgiftspliktig
  • 3100 Salsinntekt og uttak, avgiftsfri
  • 3200 Salsinntekt og uttak, utanfor avgiftsområdet
  • 3300 Spesielle offentlege avgifter i samband med sal
  • 3400 Offentleg tilskot/refusjon
  • 3500 Uopptent inntekt
  • 3600 Leigeinntekt fast eigedom
  • 3695 Anna leigeinntekt
  • 3700 Provisjonsinntekt
  • 3800 Gevinst ved avgang av finansielle anleggsmidlar
  • 3900 Anna driftsrelatert inntekt

Med mindre forbrukarsamvirkeføretaket nyttar IFRS, utgjer dei ovannemnde postane alle postar som skal summerast opp i næringsoppgåve 2 post 9000 ”Sum driftsinntekter”, og denne posten utgjer difor ”føretaket si regulære omsetning” i den samanhengen som her blir omtalt.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.