Slik fyller du ut skattemeldinga – Selskap med deltakarfastsetting (SDF)

  • Skriv ut

Her får du råd om korleis du fyller ut skattemeldinga for personleg skattytar som har vore deltakar i selskap med deltakarfastsetting i fjor.

Er du deltakar i selskap med deltakarfastsetting kan du ikkje levere skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar.

Eit selskap med deltakarfastsetting er eit føretak som driv økonomisk verksemd for to eller fleire deltakarar si rekning og risiko, og der minst ein av deltakarane har uavgrensa ansvar for dei samla forpliktingane til verksemda. Dette gjeld for:

  • ansvarleg selskap med solidarisk ansvar (ANS)
  • ansvarleg selskap med proratarisk ansvar (DA)
  • indre selskap
  • kommandittselskap (KS)
  • partsreiarlag (PR)
  • tilsvarande utanlandsk selskap som driv verksemd som er skattepliktig til Noreg

Sameige blir og rekna som selskap med deltakarfastsetting dersom dei driv verksemd for eigarane si felles rekning og risiko.

Type skattemelding

Skatteetaten har sendt skattemelding for næringsdrivande til dei fleste personlege deltakarane i KS, ANS o.a. Har du teke imot skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar, har ikkje Skatteetaten registrert før at du er deltakar i selskap med deltakarfastsetting. 

Kva skal du som deltakar levere?

Som deltakar leverer du RF-1221 Deltakaren si melding over eiga inntekt og formue i selskap med deltakarfastsetting som vedlegg til skattemeldinga di. Fleire av tala i deltakarmeldinga (sjå nedanfor) fører du i skattemeldinga.

Selskapet pliktar å levere RF-1215 Selskapsmelding, næringsoppgåve o.a. til Skatteetaten. Desse skjemaa er underspesifikasjon av opplysningane selskapet rapporterer om parten din i RF-1233 Selskapet si melding over deltakaren si inntekt og formue i selskap med deltakarfastsetting. Selskapet sender òg kopi av RF-1233 til deg som deltakar. Du treng vanlegvis ikkje levere kopi av RF-1215, RF-1233 eller næringsoppgåve o.a. som vedlegg til skattemeldinga di, men du skal kontrollere dei postane selskapet har fylt ut. 

Er du deltakar i eit utanlandsk selskap med deltakarfastsetting, må du levere skattemelding for næringsdrivande, og du har sjølv ansvaret for at  RF-1215 Selskapsmelding med pliktige vedlegg blir levert til Skatteetaten innan rett frist. 

Norske deltakarar i utanlandske selskap med deltakarfastsetting har plikt til å gå saman om å levere meldingar på vegner av selskapa. Det same gjeld norske skattytarar som åleine eller saman med andre blir skattlagde etter skattelova §§ 10-60 til 10-68 (NOKUS-reglane).

Selskapsoppgåve for NOKUS

Kva frist har du for å levere skattemeldinga?

Som deltakar pliktar du å levere skattemelding. Du må levere elektronisk og har frist til 31. mai.
Du kan søkje om utsetjing dersom det er svært vanskeleg for deg å levere innan fristen, til dømes fordi selskapet ikkje greier å sende RF-1233 Selskapet si melding over deltakaren si inntekt og formue i selskap med deltakarfastsetting til deg før fristen.

Deltakaren i eit SDF har den same leveringsfristen som SDF-et sitt. Dersom eit SDF har fått utsett frist, utover mai, har deltakaren den same utsette fristen. Det er såleis ikkje nødvendig for deltakar å søkje om utsetjing dersom selskapet allereie har søkt.

Korleis fyller du ut skattemeldinga og deltakarmeldinga?

Når du har teke imot kopi av RF-1233, kan du fylle ut skattemeldinga.

Som vedlegg til skattemeldinga leverer du RF-1221.

Som deltakar er du ansvarleg for å gi rette og fullstendige opplysningar i RF-1221. Tala du skal føre i meldinga finn du i kopien av RF-1233 der du skal kontrollere dei postane selskapet har fylt ut.

Slik leverer du elektronisk skattemelding for næringsdrivande

  1. Logg inn.
  2. Første gong du opnar skattemeldinga får du spørsmål om du skal levere skattemelding med RF 1175 Næringsoppgåve 1, eller utan. Kryss av for «Utan næringsoppgåve: eg er deltakar i KS, ANS o.a. eller har inntekt felles bedrift fordelt frå ektefelle» dersom du berre er deltakar i selskap med deltakarfastsetting og ikkje har eiga næring i tillegg.
  3. Øvst i skjermbiletet ser du arkfana som er merkt med «Vedlegg». Klikkar du på denne, kan du opprette RF-1221 "Deltakaren si melding over eiga inntekt og formue i selskap med deltakarfastsetting", som nytt vedlegg til skattemeldinga.
  4. Du klikkar «Legg til» til høgre for deltakarmeldinga.
  5. Når du har fylt ut alle dei aktuelle postane i deltakarmeldinga, klikkar du «Lagre/Gå tilbake» nedst i skjermbiletet. Du får då opp eit anna skjermbilete som viser kva for tal som løysinga overfører frå deltakarmeldinga til skattemeldinga for deg.

I staden for punkt 4 kan du òg opne deltakarmeldinga frå ein av postane i skattemeldinga der det blir fylt ut tal frå deltakarmeldinga.

Har du teke imot skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar o.a., kan du ikkje levere denne, men må bytte til elektronisk skattemelding for næringsdrivande.

Du må fylle ut skattemeldinga med eventuelle tal frå desse postane i deltakarmeldinga:

  • 1101 Del av nettoformue
  • 1140 Sum alminneleg inntekt (inkl. ev. arbeidsgodgjersle)
  • 1143 Tillegg i alminneleg inntekt for personleg deltakar
  • 1145 Skattepliktig gevinst / frådragsgivande tap ved realisasjon av part.
  • 1160 Arbeidsgodtgjersle/lott frå fiske eller familiebarnehage i deltakaren sin heim
  • 1162 Arbeidsgodtgjersle frå anna næring.

I deltakarmeldinga ser du kva for postar i skattemeldinga som det er aktuelt å føre tal i. Postnummera du skal bruke, kjem an på kva type verksemd selskapet driv.

I skattemelding for næringsdrivande finn du postar som er aktuelle for deltakar i selskap med deltakarfastsetting. Bruk minusteikn dersom du overfører eit negativt tal frå deltakarmeldinga.

Leverer du skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar på papir, må du opprette nye postar under «Beløp som ikkje er førehandsutfylte, skal førast her». I desse postane fører du tala frå deltakarmeldinga.

Kvar finn du tala du skal føre i Deltakaren si melding over eiga inntekt og formue i selskap med deltakarfastsetting (RF-1221)?


Som deltakar er du ansvarleg for å gi rette og fullstendige opplysningar i RF-1221. Tala du skal føre i skjemaet finn du i kopien av RF-1233 som selskapet har sendt til deg.

Postnummeret framfor beløpsfelta i RF-1221 samsvarar stort sett med postnummeret framfor beløpsfeltet i RF-1233 der du skal hente det aktuelle beløpet frå. Til dømes finn du i RF-1233 post 1101 nettoformuen du skal føre i RF-1221 post 1101.

Er du ikkje einig i beløpa selskapet har ført i RF-1233, må du forklare avvika i eit eige vedlegg til skattemeldinga.

Deler du tala i deltakarmeldinga med ektefelle, registrert partnar eller meldepliktig sambuar?

Er begge ektefellane aktive i det same selskapet, kan dei fordele formue og inntekt. Dette gjeld òg registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar. Den av ektefellane o.a. som tek imot kopi av RF-1233, leverer RF-1221 som vedlegg til skattemeldinga si. Den andre ektefellen o.a. treng ikkje levere RF-1221.

I RF-1233 er det ikkje spesifisert korleis nettoformue og alminneleg inntekt skal fordelast mellom ektefellane o.a. Du spesifiserer fordelinga i postane under overskrifta «Felt dersom du fordeler nettoformue og inntekt med ektefelle» i RF-1221. Begge ektefellane o.a. fører sin del av tala inn i skattemeldinga.

Den av ektefellane o.a. som ikkje leverer RF-1221, overfører manuelt sin del av tala til elektronisk «Skattemelding for næringsdrivande o.a.». Gjeld dette deg går du fram slik:

  • Positiv nettoformue frå RF-1221 post 1101 fører du i skattemeldinga post 4.5.4.
  • Positiv alminneleg inntekt frå RF-1221 post 1140 fører du i skattemeldinga post 2.1.3, 2.7.7 eller 2.7.8.
  • Tillegg i alminneleg inntekt frå RF-1221 post 1143 fører du i skattemeldinga post 2.7.10 eller 2.7.11.
  • Positivt tal (gevinst) frå RF-1221 post 1145 fører du i skattemeldinga post 3.1.12. Negativt tal (tap) fører du i post 3.3.7.
  • Arbeidsgodtgjersle frå RF-1221 post 1160 fører du i skattemeldinga post 1.7.1, medan arbeidsgodtgjersle frå RF-1221 post 1162 fører du i skattemeldinga post 1.7.4. Desse tala inngår i tillegg i summen som du fører i skattemeldinga post 2.1.3, 2.7.7 eller 2.7.8 (sjå ovanfor).

Med verknad frå og med inntektsåret 2015 kan ektefellar som driv ei verksemd saman velje å registrere verksemda som eit selskap med deltakarfastsetting med kvar av ektefellane som sjølvstendige deltakarar, sjå Finansdepartementet si forskrift til skattelova (FSFIN) § 10-48-1, jf. sktl. § 10-48. Dette høvet til å velje gjeld òg for part i selskap med deltakarfastsetting der det er andre deltakarar.

Er du deltakar i selskap som driv skogbruk eller reindriftsnæring?

Det er særskilde reglar for inntekt frå skogbruk og reindriftsnæring. Skattytaren blir som hovudregel skattlagt for eit gjennomsnitt av inntektene som skogbruket og/eller reindriftsnæringa har gitt dei siste åra. Gjennomsnittsfastsettinga fører til ein korreksjon i post 1117 og eventuelt post 1127 i Selskapet si melding over deltakaren si inntekt og formue i selskap med deltakarfastsetting (RF-1233).

Frå og med inntektsåret 2015 er lovføresegna om gjennomsnittsfastsetting for skogbruk og reindrift endra til berre å gjelde slik verksemd drive i enkeltpersonføretak. (Skattelova § 14-81 og § 14-82)

Personlege deltakarar i selskap med slik verksemd som blei gjennomsnittsfastsette etter dei reglane som gjaldt t.o.m. inntektsåret 2014, kan velje å halde fram med gjennomsnittsfastsetting til og med inntektsåret 2019.

I rettleiinga til RF-1220 "Deltakarinntekt frå skogbruk og reindrift" kan du lese om reglane som gjeld for å avvikle gjennomsnittsfastsetting for deltakarar i selskap.

Talet i RF-1233 post 1117a og post 1127a er spesifisert i RF-1220 Deltakarinntekt frå skogbruk og reindrift. Denne oppgåva sender selskapet inn. Deltakaren treng difor ikkje levere RF-1220.

Gjennomsnittsfastsettinga blir avslutta dersom selskapet si verksemd opphøyrer eller du gir avkall på parten. I somme tilfelle fører dette til avbrotsfastsetting for deltakaren.
Du kan lese meir om gjennomsnittsfastsetting i Skatte-ABC. Sjå emne ”Reindrift” og ”Skogbruk”.

 

For deltakarar som leverer eiga næringsoppgåve

Du treng ikkje levere RF-1175 Næringsoppgåve 1, eller anna næringsoppgåve som vedlegg til skattemeldinga, dersom du ikkje driv anna næringsverksemd i tillegg til at du er deltakar i selskap med deltakarfastsetting. I nokon få tilfelle kan stor aktivitet knytt til å eige, kjøpe og selje partar i selskap med deltakarfastsetting, aksjar og andre verdipapir i seg sjølv bli rekna som næringsverksemd.

For deltakarar som krev jordbruksfrådrag

Berre personlege deltakarar som krev jordbruksfrådrag, skal fylle ut post 1155 og post 1156 i RF 1221 Deltakaren si melding over eiga inntekt og formue i selskap med deltakarfastsetting.

Skattytaren kan krevje jordbruksfrådrag i positiv næringsinntekt frå jordbruk, gartneri, pelsdyrnæring og birøkt. For å få frådrag må skattytaren som hovudregel ha budd på driftseininga over halvparten av inntektsåret. Uavhengig av kravet om butid gir ein jordbruksfrådrag til skattytarar som driv birøkt eller pelsdyrnæring dersom vilkåra elles er oppfylte. I særskilde tilfelle knytt til generasjonsskifte, der den yngre generasjonen har teke over bruket, kan ein dispensere frå kravet til butid. Forpaktarar som ikkje bur på bruket, kan òg få dispensasjon frå bukravet. I alle tilfelle må skattytaren som krev jordbruksfrådrag, bu i rimeleg nær driftseininga. Dersom avstanden ikkje overstig 20 kilometer, kan du leggje til grunn at skattytaren bur rimeleg nær driftseininga.

Jordbruksfrådraget er knytt til driftseininga. Dersom driftseininga består av fleire bruk, kan det berre krevjast eitt frådrag.

Går det føre seg ei eller anna form for samdrift mellom brukarar med kvar si driftseining, kan kvar einskild brukar krevje jordbruksfrådrag dersom vilkåra elles er oppfylte. I slike tilfelle skal kvar deltakar rekne ut jordbruksfrådrag med kvar si maksimumsgrense (sjå nedanfor) av jordbruksinntekta. Inntekt frå samdrifta inngår òg i grunnlaget som ein reknar ut jordbruksfrådraget av. Ei slik inntekt skal i tilfelle førast i RF-1221 post 1155 på grunnlag av beløpet som står i RF-1233 post 1155.

Dersom fleire skattytarar driv jordbruks- eller hagebruksverksemd på same driftseining og oppfyller kravet for jordbruksfrådrag, skal brukarane dele jordbruksfrådraget for driftseininga innanfor maksimalgrensa som er nemnt nedanfor. I slike tilfelle skal deltakaren òg fylle ut RF-1221 post 1155 på grunnlag av beløpet som står i RF-1233 post 1155.

Leverer deltakaren RF-1177 Landbruk, skal ho/han overføre differansen mellom RF-1221 post 1155 og post 1156 til RF-1177 post 436.

Leverer ikkje deltakaren eiga næringsoppgåve, må ho/han rekne ut jordbruksfrådraget på grunnlag av RF-1221 post 1155 og føre frådraget i skattemeldinga post 3.2.15. Frådraget utgjer kr 63 500 pluss 38 prosent av inntekt som overstig kr 63 500, opp til eit maksimalt frådrag på kr 166 400 per driftseining. Frådraga kan berre redusere inntekta frå desse verksemdene ned til null. Er inntekta frå slik verksemd til dømes kr 14 000, blir frådraget kr 14 000.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.