Kva for ei leveringsform skal eg velje for mi bedrift?

  • Skriv ut

Alle næringsdrivande har plikt til å rapportere årleg til Skatteetaten. Korleis du skal levere sjølvmeldinga for næringsdrivande, kjem an på kva type bedrift du skal rapportere for og kva slags næring du driv. Du må levere opplysningane elektronisk.

Alternativ A: Skattemelding (sjølvmelding) med næringsoppgåver og tilleggsskjema 

Dette er den leveringsforma dei fleste har brukt dei seinare åra. Det er framleis mogeleg for alle næringsdrivande å levere på denne måten.

Har du ikkje hatt aktivitet i bedrifta di i 2016, må du likevel levere skattemelding for næringsdrivande med ei tom næringsoppgåve 1 (RF-1175). Leveringsfritak gjeld ikkje næringsdrivande.


Enkeltpersonføretak må levere: Næringsoppgåve 1 eller Næringsoppgåve 2

Aksjeselskap og NUF må levere: Næringsoppgåve 2

Biletkunstnarar som er enkeltpersonføretak må levere: Næringsoppgåve for biletkunstnarar 
Forsikringsselskap må levere: Næringsoppgåve 3 
Bankar og finansieringsføretak må levere: Næringsoppgåve 4

Du må òg levere eventuelle tilleggsskjema. Desse finn du i Altinn.

Sjå og lever skattemelding (sjølvmelding) for næringsdrivande med næringsoppgåver

 

Alternativ B: Skattemelding (Sjølvmelding) og Næringsrapport skatt

Næringsrapport skatt er ei leveringsform for enkeltpersonføretak og aksjeselskap med enklare skattemessige forhold. Vi tilrår at du nyttar denne forma dersom ho passar for di bedrift.

Test-deg-sjølv: Eg er Næringsdrivande – kan eg bruke Næringsrapport skatt 2015?

Kvifor skal eg velje Næringsrapport skatt?

Sjå og lever skattemelding (sjølvmelding) for næringsdrivande med Næringsrapport skatt

Alternativ C: Forenkla levering for verksemder med driftsinntekter på kr 50 000 eller lågare

På same måte som i tidlegare år, kan dei fleste enkeltpersonføretak med låg omsetning  rapportere dette direkte i skattemeldinga for næringsdrivande. 

Finn ut om du oppfyller vilkåra for forenkla levering.

 

Å levere sjølvmeldinga for næringsdrivande på papir er ikkje lenger mogeleg

Stortinget har vedteke at alle næringsdrivande må levere skattemeldinga med vedlegg elektronisk. Du kjem ikkje lenger til å få skattemeldinga på papir. Dette gjeld òg for deg som tidlegare har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon.

Unnataket kan vere skattemelding til personleg næringsdrivande som er død før fristen for levering.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.