For aksjeselskap: Slik rettar du balansen i Næringsrapport skatt

  • Skriv ut

Aksjeselskap kan ikkje sende inn Næringsrapport skatt dersom balansen ikkje stemmer. Ofte er det eigenkapitalen som blir feil. For nystarta bedrifter må ein dobbeltsjekke stiftingskostnader, aksjekapital og andre innskot. Skatteetaten set som føresetnad at rekneskapen er ferdig og er i balanse når du startar rapporteringa. Dersom tala ikkje stemmer, kan vi ikkje rekne ut rett skatt for føretaket ditt.

Kva er balanse? 

Balansen er ei oversikt over eigedelar, eigenkapital og gjeld. Når summen av eigedelane er lik summen av eigenkapital og gjeld, er rekneskapen i balanse.  Det er bestemt i rekneskapslova at aksjeselskap skal ha ei slik oversikt i rekneskapen sin.

10 ting du bør kontrollere dersom balansen ikkje stemmer

  1. Kontroller alle summane du har lagt inn, sjå at dei stemmer med rekneskapen og at du har skrive summane i rett felt.
  2. Kontroller at du har skrive inn verdiar for datoen 31.12.16 (ikkje ein annan dato) til dømes for bankinnskot og gjeld.
  3. Kontroller eigenkapitalen* – har du ført overskotet eller underskotet for året inn i denne, og har du teke med verdien av eigenkapitalen per 01.01.
  4. Har du hatt overskot, før midlar som er avsett til utbytte og betalbar skatt som gjeld i balansen.
  5. Dersom ikkje kundane dine betalte alle fakturaer du sende ut mellom 01.01.2016 og 31.12.2016før beløpet som «uteståande fordring» i balansen.
  6. Har du handla varer, skal du ha gjort ei vareteljing og oppgitt rett verdi for varelageret. Kontroller òg at du har rekna ut varekostnader på rett måte (varelager 01.01.2016, pluss varekjøp, minus verdien av varene 31.12.2016.)
  7. Har du gjort innkjøp som ikkje var betalte 31.12.2016, må du kontrollere at desse er ført som «leverandørgjeld»
  8. Er det skilnad mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar? Kontroller at det er dei rekneskapsmessige verdiane som står i balansen.
  9. Er du meirverdiavgiftspliktig, må du kontrollere at alle tala er skrivne utan meirverdiavgift.
  10. Blei selskapet starta i 2016?
    Kontroller at du har teke med stiftingskostnader* i eigenkapitalavstemminga* og ikkje under «kontorkostnader».
    Kontantinnskot på kr 30 000 eller meir må førast i eigenkapitalavstemminga som aksjekapital.

*Kva er eigenkapital?

Eigenkapital er differansen mellom eigedelar og gjeld. Eigenkapital består av aksjekapital og pengar bedrifta har tent eller tapt. Eit aksjeselskap må ha minimum kr 30 000 i aksjekapital for å starte opp. Den dagen du stiftar aksjeselskapet er eigenkapitalen lik aksjekapitalen. Dersom du har betalt inn meir til selskapet enn aksjekapitalen, legg du dette beløpet til eigenkapitalen. Dette beløpet kallar vi overkurs.

*Kva er stiftingskostnader?

Kostnaden du har betalt til Brønnøysundregistera i samband med opprettinga av selskapet og ein eventuell faktura frå revisor for stiftingspapir.

*Kva er eigenkapitalavstemminga?

Avstemminga er ei utrekning av eigenkapitalen du har sett opp i balansen. Denne dokumenterer endringa i eigenkapitalen til bedrifta frå starten til slutten av året. Eit overskot aukar eigenkapitalen og eit underskot reduserer eigenkapitalen. Summen av eigenkapitalen 01.01.2016 er utgangspunktet for utrekninga. Det selskapet tener blir lagt til eigenkapitalen, med mindre du tek ut utbytte. Du må ta med uttak eller innskot i oppstillinga. Eit underskot reduserer eigenkapitalen.

 

Slik reknar du ut eigenkapitalen

 

Forteikn

Verdi

Tal

 

Eigenkapital 01.01.2016

30 000

+

Innskot

2 000

+

Overskot før skatt

100 000

-

Skatt

25 000

-

Utbytte

10 000

=

Avstemt eigenkapital per 31.12.2016

97 000

Avstemt eigenkapital skal stemme med eigenkapitalen du har sett opp i balansen.

Søk profesjonell hjelp

Andre vanlege feilkjelder kan vere til dømes reknefeil eller at ein ikkje forstår aktuelle omgrep. Å føre rekneskap er eit eige fag. Dersom du strevar med å få balansen til å gå opp og ikkje har grunnleggjande kunnskap om rekneskap, bør du søkje hjelp frå ein rekneskapsførar eller revisor.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.