Frå ni skjema til ein rapport

  • Skriv ut

I Næringsrapport skatt er dei ni mest brukte skjemaa for næringsdrivande slått saman til ein rapport.

Desse skjemaa er inkluderte i Næringsrapport skatt:

  • RF-1028 Skattemelding for formues- og inntektsskatt – Aksjeselskap m.m.
  • RF-1052 Avstemming av eigenkapital
  • RF-1084 Avskriving
  • RF-1125 Bruk av bil
  • RF-1167 Næringsoppgåve 2
  • RF-1175 Næringsoppgåve 1
  • RF-1217 Forskjellar mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar
  • RF-1219 Gevinst- og tapskonto
  • RF-1224 Personinntekt frå enkeltpersonføretak

Dersom du berre pleier å bruke disse skjemaa, kan du sannsynlegvis bruke Næringsrapport skatt. Mange nye næringsdrivande kan òg bruke løysinga.

Bedrifter med næringseigedom eller lønns- og pensjonskostnader
Enkeltpersonføretak som har næringseigedom kan nytte Næringsrapport skatt, men må levere skjemaet RF-1098 "Formue av næringseigedom" saman med sjølvmelding for næringsdrivande. Bedrifter som har Lønns- og pensjonskostnader og som skal levere RF-1022 "Lønns- og pensjonskostnader", må leggje ved dette skjemaet i Næringsrapport skatt.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.