Korleis løyser du problem med innsending av Næringsrapport skatt som kjem av manglande kontakt med Altinn?

  • Skriv ut

Somme brukarar får ei feilmelding når dei fyller ut eller sender inn Næringsrapport skatt. 

Feilmeldinga som kjem opp er:

"Vi greidde ikkje å få kontakt med Altinn.

Klikk på Sjekk Altinn for å prøve på nytt.

Om du ser denne meldinga fleire gonger kan du:

  • Sende inn ved hjelp av ein annan nettlesar, pc, mobil eller nettbrett
  • Gå til altinn.no og sjekk at du er logga inn
  • Kontrollere i personverninnstillingane for nettlesaren din at han tillèt cookies (informasjonskapslar) frå tredjepartar
  • Kontakte Skatteetaten på telefon +47 800 80 000

Du kan halde fram med utfyllinga, men for å sende inn må nettlesaren ha kontakt med systema til Altinn."


Dersom du har ein annan nettlesar på maskina di, er det ofte enklast å utføre sjølve innsendinga på nytt i denne. Du kan òg prøve å bruke ei anna datamaskin, ein smarttelefon eller eit nettbrett. Dersom du ønskjer å rette problemet, kan du prøve oppskrifta nedanfor.

Slik endrar du innstillingane i nettlesaren slik at han aksepterer informasjonskapslar (cookies) frå tredjepart

Vi tilrår at du endrar innstillingane i nettlesaren og aksepterer informasjonskapslar (cookies) for sida Næringsrapport skatt.

Slik gjer du det

Chrome, norsk versjon

Sjå under overskrifta «Tillat eller ikke tillat informasjonskapsler»

Chrome, engelsk versjon

Sjå under overskrifta «Allow or don’t allow cookies»

Internet Explorer, norsk versjon

Internet Explorer, engelsk versjon

Firefox, norsk versjon

Firefox, engelsk versjon

Gå alltid inn i Næringsrapport skatt via Skatteetaten eller Altinn

Somme brukarar har fått feilmeldinga ved innsendinga når dei nyttar direktelenkjer (til dømes lagra i Favorittar) til Næringsrapport skatt. Vi tilrår at du går inn i Næringsrapport skatt direkte via www.skatteetaten.no eller www.altinn.no.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.