Kvifor skal eg velje Næringsrapport skatt?

  • Skriv ut

Næringsrapport skatt er ei leveringsform for bedrifter med enkle skatteforhold.

Fordelar ved Næringsrapport skatt for deg som skal rapportere:

  • Verdiar blir rekna ut automatisk undervegs
  • Hint som hjelper deg med å fylle ut felta rett
  • Utfyllande hjelpetekstar med døme
  • Høve til å velje bokmål, nynorsk eller engelsk
  • Ein rapport som er betre tilpassa bedrifta di

Med Næringsrapport skatt slepp du

  • hente opp dei skjemaa du skal bruke
  • gå fram og tilbake mellom skjemaa du skal levere
  • ta opp att dei same opplysningane i ulike skjema, år etter år 

Test-deg-sjølv: Eg er Næringsdrivande – kan eg bruke Næringsrapport skatt 2016?

Kven kan bruke Næringsrapport skatt?

Næringsdrivande med enkle skattemessige forhold som fram til no har brukt dei ni mest vanlege skjemaa for rapportering, kan mest sannsynleg nytte den nye løysinga.  Nye næringsdrivande er òg ei viktig målgruppe.

Løysinga er først og fremst meint for deg som driv eiga bedrift og som gjer rapporteringa til Skatteetaten sjølv. Dette kan til dømes vere  

  • Fotografar
  • Musikarar
  • Sjølvstendige konsulentar
  • Fysioterapeutar
  • Gründarar
  • Bloggarar
  • Og mange fleire som driv eiga bedrift

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.