Bustadeigedom – særskilde reglar om formuesverdsetjing av fleirbustadbygning i Noreg

  • Skriv ut

I denne artikkelen kan du lese om korleis du reknar ut formuesverdien for fleirbustadbygning. Du fører formuesverdien som formue av bustad i skattemeldinga eller selskapsoppgåva.

Kva bustadeigedomar skal formuesverdsetjast etter reglane for fleirbustadbygningar?

Fleirbustadbygningar blir ikkje verdsette på same måte som andre bustadeigedomar. Ein fleirbustadbygning er ein bustadeigedom med 5 eller fleire useksjonerte bueiningar.

Dersom nokon av brukseiningane er seksjonerte, skal ikkje verdien av desse inngå i grunnlaget for verdsetjinga av fleirbustadbygningen. Kvar seksjon skal handsamast som ein eigen bustadeigedom. Det skal fastsetjast ein formuesverdi for kvar brukseining som er seksjonert.

Kva om bygningen har både bustad- og næringsdel?

Dersom bruksarealet i bygningen omfattar både areal til bruk for bustad­ og næringsføremål, må ein vurdere om eigedomen skal formuesverdsetjast som ein bustadeigedom eller næringseigedom. Dersom buarealet utgjer meir enn halvparten av bruksarealet i bygningen, skal eigedomen verdsetjast etter reglane for bustadeigedomar.

Er næringsarealet størst, skal eigedomen verdsetjast som næringseigedom, og ein må levere RF-1098 Formue av næringseigedom.

Korleis blir fleirbustadbygningar verdsette?

Når ein skal rekne ut formuesverdien for bustadeigedomen, må ein rekne ut ein verdi for kvar bueining som om denne hadde vore ein eigen bustadeigedom. Formuesverdien for bustadeigedomen utgjer summen av utrekna verdi for bueiningane. Dersom ein eigar brukar ei av bueiningane til fast bustad, skal kvadratmetersatsen for primærbustader nyttast. For andre bueiningar skal kvadratmetersatsen for sekundærbustader nyttast.

Dersom fleirbustadbygningen har ein næringsdel, skal ikkje verdien av denne inngå i grunnlaget for verdsetjing av bygningen. Det blir ikkje fastsett ein eigen formuesverdi for næringsdelen med mindre næringsdelen er ein eigen seksjon (matrikkeleining).

Korleis reknar eg ut formuesverdien for ein fleirbustadbygning?

Du brukar bustadkalkulatoren for å rekne ut verdien for kvar bueining.  Dersom det er snakk om ei bueining som eigaren brukte som fast bustad ved utgangen av inntektsåret, kryssar du av for primærbustad. Andre bueiningar oppgir du som sekundærbustad i bustadkalkulatoren. Du summerer verdien av bueiningane for å finne formuesverdien for bustadeigedomen.

Korleis rapporterer eg?

Bustadopplysningar, mellom anna formuesverdien, rapporterer du anten i

Slik fyller du ut desse formuepostane:

  • I feltet for bustadtype oppgir du leilegheit
  • I feltet for P-ROM/buareal oppgir du det samla arealet for fleirbustadbygningen
  • I feltet for byggjeår oppgir du året bygningen vart ferdigstilt
  • I feltet for eigardel oppgir du prosentvis eigardel ved utgangen av inntektsåret.
  • I feltet for formuesverdi oppgir du summen av den utrekna verdien for alle bueiningane i fleirbustadbygningen.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.