Korleis betaler eg inn tilleggsforskot?

Korleis finn eg ut om eg får restskatt eller pengar tilbake på skatten?

Rekn ut skatten din i skatteutrekninga vår.

Når må eg betale restskatt?
Du får restskatt når berekna skatt overstig forskotstrekk og forskotsskatt. Restskatten må du betale innan tre veker etter at skatteoppgjeret er sendt ut.

Restskatt på over kr 1 000 blir delt i to terminar. Fristen for andre terminen er fem veker etter første forfall. Restskatt som er mindre enn kr 100 skal ikkje betalast. 

For å unngå rentetillegg på restskatt, kan du som næringsdrivande betale tilleggsforskot innan 31. mai. 

Korleis betaler eg inn tilleggsforskot?
Bruk opplysningane om kid-nummer og kontonummer som du fekk saman med sjølvmeldinga. Som næringsdrivande har du frist til 31. mai med å betale tilleggsforskot.

Bør eg betale tilleggsforskot?
Dersom du ser at du får restskatt, kan du vurdere å betale inn tilleggsforskot. Då slepp du å betale rentetillegg på restskatten.

Pensjonistar og trygda som får skatteavgrensing på grunn av låg alminneleg inntekt, slepp å betale rentetillegg på restskatt.