Korleis fyller eg ut næringsoppgåva eller Næringsrapport skatt?

Kvar finn eg beløpa som eg skal føre i næringsoppgåve 1 (RF-1175) eller Næringsrapport skatt?

Driv du enkeltpersonføretak, pliktar du å levere næringsoppgåve 1 (RF-1175) eller Næringsrapport skatt i tillegg til skattemeldinga di. Alle som pliktar å levere næringsoppgåve eller Næringsrapport skatt, har bokføringsplikt. Les meir i bokføringslova og forskrift om bokføring.

Når bokføringa er ferdig, kan du gå i gong med å fylle ut næringsoppgåve 1 (RF-1175) eller Næringsrapport skatt. Du bør vurdere å velje ein kontoplan som harmonerer med postane i skjemaet. Då blir det enklare for deg å føre beløpa over.

Alternativet til å gjere bokføringa sjølv, er å kjøpe tenester frå ein autorisert rekneskapsførar.

Kva for kostnader kan eg føre til frådrag i næringsoppgåve 1 (RF-1175) eller Næringsrapport skatt?
I næringsoppgåva eller Næringsrapport skatt fører du kostnader som du har bokført i rekneskapen til føretaket ditt. Du kan krevje inntektsfrådrag for kostnad for å erverve, halde ved like eller sikre skattepliktig næringsinntekt. Sjå òg forklaringa til kvar einskild post i Rettleiing til utfylling av næringsoppgåve 1 eller hjelpetekstane i Næringsrapport skatt.

Må eg fylle ut "Spesifikasjon av privatkonto", det vil seie frå og med post 2061 til og med post 2078 (RF-1175)?
Ja, beløpa frå privatkontoen inngår som ein del av avstemminga av eigenkapitalen.  Avstemminga av eigenkapitalen viser korleis eigenkapitalen har endra seg i inntektsåret. Dette er òg ein kontroll på at du ikkje har bokført feil.

Korleis tek eg omsyn til privat bruk av telefon skaffa til verksemda når eg fyller ut næringsoppgåve 1 (RF-1175) eller Næringsrapport skatt?

Les her om korleis du trekkjer frå kostnader til elektronisk kommunikasjon (EK). Sjå òg hjelpeteksten i Næringsrapport skatt.   

Kva er skilnaden mellom post 7080 "Bilkostnader, bruk av privat bil i næring" og post 7099 "Privat bruk av næringsbil"?
I resultatrekneskapen fører du frådrag for kostnader på næringsbil. Du reknar køyretøyet som næringsbil dersom:

  • køyretøyet berre blir brukt til næringskøyring,
  • køyretøyet blir brukt minst 6 000 km i inntektsåret til næringskøyring (vurdert over eit tidsrom på 3 år),
  • næringskøyringa utgjer mesteparten av den samla bruken, og forhold i næringsverksemda gjer det nødvendig å bruke køyretøyet. Dette kan til dømes gjelde dersom ein nyttar køyretøyet til å transportere verktøy, varer og prøver av ein slik tyngde og omfang at det ikkje er naturleg å bringe desse med på eit anna transportmiddel. Det same gjeld dersom ein nyttar køyretøyet som salsbod, verkstad og liknande.
  • køyretøyet er konstruert eller innreidd slik at det ikkje er godt eigna og heller ikkje meint for privat bruk. Dette krev at køyretøyet ikkje blir brukt til privatkjøring utanom køyring mellom heimen og fast arbeidsstad, og/eller besøksreise til heimen.

I skjemaet Bruk av bil (RF-1125) reknar du ut tilbakeføring for privat bruk av næringsbil. Beløpet frå RF-1125 fører du over i næringsoppgåve1 (RF-1175) post 7099. Skjemaet for bruk av bil er inkludert i Næringsrapport skatt. Du fører òg det same beløpet i RF-1175 post 2075. Desse postane er berre aktuelle dersom næringsbilen er brukt til privatkøyring i inntektsåret. Sporadisk tilgang til privat bruk utløyser ikkje tilbakeføring etter dei ordinære standardsatsane. Om næringsbilen blir nytta privat eller ikkje, er eit bevisspørsmål der Skatteetaten etter ei konkret vurdering legg til grunn kva dei finn mest sannsynleg.

Les her om korleis du krev inntektsfrådrag dersom køyretøyet ikkje blir rekna som næringsbil.                 

Skal eg føre tap på aksjar o.a. i næringsoppgåve 1 (RF-1175) eller Næringsrapport skatt i tillegg til post 3.3.8 eller 3.3.10 i skattemeldinga?
Ikkje alle som leverer næringsoppgåve må bokføre aksjane og dei andre verdipapira sine som eigedelar i føretaket. Du bokfører verdipapira som eigedel dersom dei er særleg og nært knytte til enkeltpersonføretaket ditt. Gjer du dette, skal du òg bokføre eit eventuelt tap ved realisasjon av aksjane o.a. i rekneskapen din. I så fall fører du det realiserte tapet med negativ forteikn i næringsoppgåve 1 (RF-1175) eller Næringsrapport skatt post 0414. Beløpet i denne posten er ikkje med i næringsinntekta/-underskotet som du fører over frå næringsoppgåva post 0402 til skjemaet Personinntekt frå enkeltpersonføretak (RF-1224) og skattemeldinga.

Frådragsgodkjent tap frå Aksjar og eigenkapitalbevis (RF-1088) post 120, er førehandsutfylt i skattemeldinga post 3.3.8. Du rettar ikkje denne posten sjølv om du har bokført aksjane o.a. i næringsverksemda di og ført tapet i RF-1175 post 0414.

Er ikkje aksjane o.a. ført opp i RF-1088, må du levere Aksjar og fondspartar o.a. (RF-1059) som vedlegg til skattemeldinga di. Er det negativ sum i RF-1059 post 902, fører du dette tapet i skattemeldinga post 3.3.10.

Eg tok i 2016 imot arbeidsgodtgjersle frå selskap med deltakarfastsetting  (KS, ANS o.a.). Skal eg føre arbeidsgodtgjersla i næringsoppgåva mi?
Du treng ikkje levere næringsoppgave 1 (RF-1175) eller Næringsrapport skatt i tillegg til skattemeldinga, med mindre du driva anna næringsverksemd i tillegg til at du deltek i selskap med deltakarfastsetting. I nokon få tilfelle kan aktiviteten skattytaren har med å eige, kjøpe og selje partar i selskap med deltakarfastsetting, aksjar og andre verdipapir i seg sjølv, bli rekna som næringsverksemd. Dette føreset at aktiviteten har eit stort omfang.

Ikkje alle som leverer næringsoppgåve må bokføre part i selskap med deltakarfastsetting som eigedel. Du bokfører parten som eigedel dersom han er særleg og nært knytte til enkeltpersonføretaket ditt. Gjer du dette, skal du òg bokføre arbeidsgodtgjersle i rekneskapen din. I så fall fører du denne inntekta i næringsoppgåve 1 post 0416. Beløpet i denne posten er ikkje med i næringsinntekta/-underskotet som du fører over frå post 0402 i næringsoppgåva til skjemaet Personinntekt frå enkeltpersonføretak (RF-1224), og skattemeldinga.

Sjølv om du fører parten i selskap med deltakarfastsetting  som eigedel i næringsoppgåva, skal du føre beløpa frå skjemaet Deltakaren si melding over eigen formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetting (RF-1221) direkte over i skattemeldinga. 

Korleis får eg inntektsfrådrag for verdifall på driftsmidla som eg har kjøpt til verksemda mi?
Les her om korleis du krev inntektsfrådrag for verditap på driftsmiddel i verksemda

Treng eg å fylle ut felta som heiter "Verdi i fjor" i næringsoppgåva?

Vanlegvis kan du velje å ikkje fylle ut fjorårstala i resultat- og balanseoppstillinga. Du må fylle ut tala frå fjoråret dersom dei er omarbeidde etter at du leverte næringsoppgåve for føregåande år.

Det siste steget i næringsoppgåve 1 (RF-1175) er «Spesifiser årsresultat og avstem eigenkapital». I post 0420 fører du skattemessig eigenkapital frå førre inntektsår. Du skal gjere dette sjølv om du ikkje førte tal frå førre år  i resultat- og balanseoppstillinga i næringsoppgåva.

Når du fyller ut skjemaet i Altinn, ser du at Altinn hentar talet i post 0420 frå ein annan stad i næringsoppgåva. Difor må du òg fylle ut skattemessig eigenkapital frå førre inntektsår i balansen. Dette gjer du i steget som heiter «Spesifiser balanse». I dette steget finn du post 2050 Annan eigenkapital. I denne posten fører du eigenkapitalen frå førre år i kolonnen "Verdi i fjor".