Korleis leverer eg skattemeldinga?

Må eg levere skattemeldinga elektronisk?
Ja, alle næringsdrivande må levere skattemeldinga elektronisk.

Eg har aldri levert skattemelding elektronisk før. Kvar kan eg lese om korleis eg kjem i gong?
Vi har laga ei guide som viser korleis næringsdrivande med enkeltpersonføretak fyller ut skattemelding og næringsoppgåve. Sjå òg Kva for leveringsform skal eg velje for mi bedrift? og Starthjelp for næringsdrivande.

Autorisert rekneskapsførar eller revisor har fylt ut skattemeldinga som no ligg i ”Til mi handsaming” i altinn.no. Kva skal eg gjere no?
Du loggar deg inn, opnar skattemeldinga og kontrollerer at opplysningane i skattemeldinga og vedlegga er korrekte og fullstendige. Er dei det, "signerer" du og sender inn oppgåvene elektronisk i altinn.

Eg har motteke skattemeldinga for næringsdrivande. Treng eg levere skattemeldinga dersom eg ikkje endrar eller legg til noko?
Ja. Skattytarar som har fått tilsendt Skattemelding for formues- og inntektsforhold – lønnstakarar og pensjonistar o.a. treng ikkje levere skattemeldinga dersom ho er førehandsutfylt med fullstendige og korrekte opplysningar, men dette gjeld ikkje for deg som har fått tilsendt Skattemelding for formues- og inntektsforhold – personleg næringsdrivande o.a.