Kva for vedlegg skal eg levere saman med skattemelding for næringsdrivande?

Kva for vedlegg skal eg levere saman med skattemelding for næringsdrivande?
Næringsdrivande må vanlegvis anten sende inn næringsoppgåve og personinntektskjema som vedlegg til skattemeldinga, eller levere Næringsrapport skatt. Dersom du har driftsinntekter på kr 50 000 eller lågare, kan du på visse vilkår bli friteken frå å levere næringsoppgåve

Du treng heller ikkje å levere næringsoppgåve dersom du berre har næringsinntekt frå: 

  •  selskap med deltakarfastsetting(ANS, DA, KS o.l.)
  •  felles bedrift fordelt frå ektefelle 
  •  lott frå fiske og fangst
  •  barnepass i eigen heim

Leverer du næringsoppgåve må du òg levere skjemaet Personinnekt frå enkeltpersonføretak (RF-1224). 

Det er førehandsutfylt opplysningar i skattemeldinga post 4.3.5 Norsk Næringseigedom (RF-1098). Må eg levere skjemaet Formue av næringseigedom (RF-1098)?
Åtte du 31. desember i fjor ikkje-utleigd næringseigedom, og opplysningane som er førehandsutfylt er korrekte og fullstendige, treng du ikkje levere RF-1098. Elles må du levere skjemaet Formue av næringseigedom (RF-1098).

Korleis rettar eg arealet som er førehandsutfylt i skattemeldinga post 4.3.5 Norsk Næringseigedom?
Du må levere skjemaet Formue av næringseigedom (RF-1098) for å rette arealet.

Eg selde landbrukseigedom i fjor. Korleis leverer eg skjemaet Realisasjon av/frå landbrukseigedom (RF-1294)?
Har du selt landbrukseigedom, skal du levere skjemaet Realisasjon av/frå landbrukseigedom (RF-1294).