Kva gjer eg dersom eg ikkje greier å levere skattemelding (sjølvmelding) for næringsdrivande innan fristen?

Kva gjer eg dersom eg ikkje greier å levere skattemelding (sjølvmelding) for næringsdrivande innan fristen?
Er det svært vanskeleg for deg å levere innan fristen, kan du søkje om utsett leveringsfrist. Til dømes kan sjukdom vere grunn til å søkje. 

Fristen for å søkje om utsetjing er 31. mai.

Eg skal få hjelp frå autorisert rekneskapsførar eller revisor med å fylle ut skattemeldinga (sjølvmeldinga). Korleis finn eg ut om rekneskapsføraren/revisoren har søkt om utsetjing på leveringsfristen min?
Rekneskapsførar og revisor kan søkje om utsett leveringsfrist på vegner av klientane sine. Du bør kontakte rekneskapsføraren/revisoren dersom du er i tvil om ho/han har ordna med utsett frist for deg.