Kva gjer eg med tala i «Deltakaren si melding over eiga inntekt og formue i selskap med deltakarfastsetting» (RF-1221)?

Eg har teke imot kopi av Selskapet si melding over deltakaren si inntekt og formue i selskap med deltakarfastsetting (RF-1233) frå eit selskap som eg åtte partar i i inntektsåret. Skal eg sende inn deltakarmeldinga som vedlegg til skattemeldinga?

Ja, det må du. Råd om korleis skattemeldinga skal fyllast ut av ein personleg skattytar som har vore deltakar i selskap med deltakarfastsetting. Deltakarar i ANS, DA, KS o.a. leverer sjølve Deltakaren si melding over eiga inntekt og formue i selskap med deltakarfastsetting. Tala som du fører i skjemaet, hentar du i ein kopi av RF-1233 som du har fått frå selskapet du er deltakar i, og fører det over i RF-1221.

Eg har teke imot kopi av Selskapet si melding over deltakaren si inntekt og formue i selskap med deltakarfastsetting (RF-1233). Kvifor står det tal i deltakarmeldinga post 1143 ”Tillegg i allmenn inntekt”?
Som deltakar i deltakarlikna selskap fører du din del av det skattemessige overskotet/underskotet i selskapet til skattemeldinga i ein av postane 2.1.3, 2.7.7, 2.7.8 eller 3.2.19. I tillegg fører du beløpet frå skjemaet Deltakaren si melding over eiga inntekt og formue i selskap med deltakarfastsetting (RF-1221) post 1143, til skattemeldinga post 2.7.10 eller 2.7.11. Det står beløp i RF-1221 post 1143 dersom selskapet vederlagsfritt har delt ut kontantar, eigedelar og/eller  tenester til deg i inntektsåret. Det same gjeld ein eventuell fordel du har hatt ved å bruke eigedelane til selskapet heilt eller delvis fritt i inntektsåret. Slike utdelingar handterer ein på om lag same måte som utbytte frå aksjeselskap. I RF-1233 avsnitt II og V ser du korleis tillegget ditt i allmenn inntekt er rekna ut. Du ser i post 205 om ein del av utdelinga er handtert som tilbakebetaling av tidlegare innbetalt eigenkapital på parten din. I tillegg kan det vere ført frådrag for skjerming og skatt som fell på overskot i RF-1233 post 1120.

Kven sender kopi av Selskapet si melding over deltakaren si inntekt og formue i selskap med deltakarfastsetting (RF-1233) til meg?
Styret, eller dagleg leiar i selskap med deltakarfastsetting , skal etterleve pliktene som selskapet har etter skatteforvaltingslova § 8-9. Har ikkje selskapet styre eller dagleg leiar, har anten deltakarane desse pliktene i fellesskap, eller ein representant blant deltakarane.

Eg fekk i 2016 arbeidsgodtgjersle frå selskap med deltakarfastsetting (KS, ANS o.a.). Kvar skal eg føre arbeidsgodtgjersla i skattemeldinga mi?
Arbeidsgodtgjersla fører du i Deltakaren si melding over eiga inntekt og formue i selskap med deltakarfastsetting (RF-1221) post 1160, til skattemeldinga post 1.7.1, eller frå RF-1221 post 1162 til skattemeldinga post 1.7.4. I tillegg inngår arbeidsgodtgjersla i beløpet som du fører frå RF-1221 post 1140 til skattemeldinga post 2.1.3, 2.7.7, 2.7.8 eller 3.2.19.