Kva må eg endre i skattemeldinga for formues- og inntektsskatt?

Skal eg føre opp usikre fordringar som formue?
Formue av fordring fører du i skattemeldinga post 4.1.6. Verdien av usikre fordringar reduserer du skjønnsmessig. Du gjer dette sjølv om du ikkje kan skrive ned fordringa med verknad for inntektsfastsettinga.

Fordringar som du konstaterer er tapte, verdset du til null.

Kan eg krevje inntektsfrådrag for kontingent til næringsorganisasjon i tillegg til fagforeiningskontingent?
Foreiningskontingentar er i utgangspunktet ikkje frådragsgodkjende. Likevel kan du krevje frådrag for kontingent som du har betalt til

  • arbeidstakarorganisasjon
  • Noregs Fiskarlag
  • arbeidsgivarforeining
  • yrkes- og næringsorganisasjon

Du kan ikkje samtidig krevje inntektsfrådrag for kontingent til arbeidstakarorganisasjon, Noregs Fiskarlag og/eller kontingent til yrkes- og næringsorganisasjon. Skattytaren veit sjølv kva for kontingent ho/han krev frådrag for.

Krev skattytaren frådrag for kontingent til arbeidsgivarforeining og kontingent til næringsorganisasjon, kan ikkje inntektsfrådraget vere høgare enn 2 promille av samla utbetalt lønn i året før inntektsåret.

Ein næringsdrivande skattytar som har betalt medlemskontingent, tariffavgift og/eller kontingent for fartøy til Noregs Fiskarlag, kan krevje inntektsfrådrag med inntil kr 3 850 eller 2 promille av samla utbetalt lønn (ikkje mannskapslott) i året før inntektsåret dersom dette gir eit høgare inntektsfrådrag.

Næringsdrivande skattytar kan krevje frådrag i inntekt for kontingent til landsomfattande yrkes- og næringsorganisasjon som har til hovudarbeid å varetake dei økonomiske interessene for slike verksemder som skattytaren driv. Du kan ikkje krevje eit høgare inntektsfrådrag enn kr 3 850 eller 2 promille av samla utbetalt lønn (ikkje mannskapslott) i året før inntektsåret dersom dette gir eit høgare inntektsfrådrag. Er du medlem i fleire yrkes- og næringsorganisasjonar gjeld frådragsgrensa for den samla kontingenten du har betalt, medrekna kontingent til arbeidsgivarforeining.

Fører du opp frådrag for kontingent i Næringsoppgåve 1 (RF-1175), post 7495 eller i Næringsrapport skatt, må du stryke eit eventuelt førehandsutfylt frådrag i sjølvmeldinga post 3.2.11.

Skal eg føre partsinnskot i samvirkeføretak som formue i skattemeldinga?
Du skal ikkje føre opp formue av partsinnskot i samvirkeføretak. Samvirkeføretaket må sjølv betale formuesskatt til staten dersom nettoformuen er høgare enn kr 10 000.

Har du gjort låneinnskot i samvirkeføretaket, fører du beløpet som formue i skattemeldinga post 4.1.6.

Kva for skatteklasse skal eg føre i skattemeldinga?
Les her om om skatteklasse for personlege skattytarar.