Kven skal levere kva slags type skattemelding?

Kven må levere Skattemelding for personleg næringsdrivande o.a. ?
Leverer du elektronisk og driv næringsverksemd, skal du levere skattemelding for næringsdrivande. Enkelte får skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar med førehandsutfylt personinntekt i post 1.6.2 og næringsinntekt i post 2.7.6.

Har du ikkje andre næringsinntekter eller kostnader knytt til næringa, treng du ikkje å byte til skattemelding for næringsdrivande.

Har du anna personinntekt og næringsinntekt enn beløpa som er førehandsutfylte i post 1.6.2 og 2.7.6, byter du skattemelding og stryk dei førehandsutfylte beløpa i post 1.6.2 og 2.7.6.

Kva skil skattemelding for næringsdrivande frå skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar?
Skattemelding for næringsdrivande har fleire postar enn skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar. Det er ikkje mogeleg å føre overskot eller underskot frå næringsverksemd i skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar dersom du leverer elektronisk. Du må òg byte til skattemelding for næringsdrivande dersom du leverer elektronisk og skal sende inn skjemaet Deltakaren si melding over eigen formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetting  (RF-1221) som vedlegg til skattemeldinga.

Tek du imot skattemelding  for næringsdrivande, får du ei oversikt over betalt forskotsskatt og forskotstrekk, men oversikta inneheld ikkje førebels utrekning av skattar og avgifter, slik som for lønnstakarar og pensjonistar. Her kan du rekne ut skattar og trygdeavgift.

For å unngå renter på restskatt, kan du som næringsdrivande betale tilleggsforskot innan 31. mai.

Eg har teke imot skattemelding for næringsdrivande, men har ikkje drive noko næringsverksemd i 2016. Skal eg levere den skattemeldinga eg har fått?
Ja. Alle som får tilsendt skattemelding for næringsdrivande, må levere denne.

Eg har starta næringsverksemd i løpet av året, men har fått tilsendt skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar. Kan eg levere denne?
Slik går du fram:

  1. Sjå Kva for leveringsform skal eg velje for mi bedrift?
  2. Du loggar deg inn på Altinn. Du ser då at «Skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar» ligg klar i ”Min meldingsboks” – ”Til mi handsaming”.
  3. Under menyvalet «Skjema og tenester» hentar du RF-1030 «Sjølvmelding for næringsdrivande». Når du opnar skattemelding for næringsdrivande, får du spørsmål om kva for næringsoppgåve du vil levere saman med skattemeldinga, eller om du heller ønskjer å nytte Næringsrapport skatt, som er ei ny og enklare leveringsform for næringsdrivande med enkle skatteforhold. 

Du kjem til å sjå at skattemeldinga di for næringsdrivande er førehandsutfylt med dei same beløpa som i den tilsende skattemeldinga for lønnstakarar og pensjonistar.

Som næringsdrivande kan det hende du treng Starthjelp for næringsdrivande.

Sjå òg: Kva for leveringsform skal eg velje for mi bedrift?