Kven skal levere skjemaet Personinntekt frå enkeltpersonføretak (RF-1224) som vedlegg til skattemeldinga (sjølvmeldinga)?

Må eg levere skjemaet Personinntekt frå enkeltpersonføretak (RF-1224) eller fylle ut felta til dette i tillegg til skattemelding (sjølvmelding) for næringsdrivande? Dersom du leverer næringsoppgåve (RF-1175, RF-1167 eller RF-1242), skal du òg levere skjemaet Personinntekt frå enkeltpersonføretak (RF-1224) som vedlegg til skattemeldinga (sjølvmeldinga). Dette skjemaet er inkludert i Næringsrapport skatt.

Ein del små enkeltpersonføretak med brutto driftsinntekter på kr 50 000 eller mindre, er fritekne frå å levere næringsoppgåve. Ønskjer du meir informasjon, kan du sjå Kven kan bli friteken frå å levere næringsoppgåve. Nyttar du leveringsfritaket, er det frivillig å levere skjemaet RF-1224. Dersom du ikkje leverer skjemaet, blir beløpet i feltet «Driftsresultat» i skattemeldinga lagt til grunn som utrekna personinntekt. Ønskjer du å rekne ut personinntekta i RF-1224, skal du levere skjemaet saman med skattemeldinga. Du må levere RF-1224 dersom du har negativ utrekna personinntekt, anten frå inntektsåret 2015, eller har negativt berekna personinntekt til framføring frå tidlegare år.

Kvifor må eg levere skjemaet Personinntekt frå enkeltpersonføretak (RF-1224) når næringsinntekta er ført i skattemeldinga (sjølvmeldinga) for næringsdrivande, post 2.7.6?

Positiv næringsinntekt fører du over frå post 0402 i næringsoppgåva (RF-1175 eller RF-1167) til skattemeldinga post 2.1.3, 2.7.1, 2.7.2, 2.7.3, 2.7.4, 2.7.5 eller 2.7.6. Desse postane inngår i allmenn inntekt. Av allmenn inntekt betaler du fellesskatt til staten og inntektsskatt til kommune og fylkeskommune.

Er du medlem av folketrygda, skal du som personleg skattytar betale trygdeavgift. Trygdeavgifta blir fastsett av utrekna personinntekt mellom anna i skattemeldinga (sjølvmeldinga) post 1.6.1 og/eller 1.6.2. Personinntekta som du fører i desse postane spesifiserer du i skjemaet Personinntekt frå enkeltpersonføretak (RF-1224)

Sum personinntekt dannar òg grunnlaget for utrekninga av toppskatt til staten.

Eg fekk i 2016 arbeidsgodtgjersle frå selskap med deltakarfastsetting (KS, ANS o.a.). Skal eg føre arbeidsgodtgjersla i skjemaet Personinntekt frå enkeltpersonføretak (RF-1224)?
Nei. Du fører beløpa frå Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetting  (RF-1221) direkte i skattemeldinga. Arbeidsgodtgjersla fører du frå RF-1221 post 1160 til skattemeldinga (sjølvmeldinga) post 1.7.1, eller frå RF-1221 post 1162 til skattemeldinga (sjølvmeldinga) post 1.7.4. I tillegg inngår arbeidsgodtgjersla i det talet du fører frå RF-1221 post 1140 til skattemeldinga (sjølvmeldinga) post 2.1.3, 2.7.7, 2.7.8 eller 3.2.19.

Eg deler inntekt frå felles verksemd med ektefelle, registrert partnar eller meldepliktig sambuar. Treng vi begge to å levere skjemaet Personinntekt frå enkeltpersonføretak (RF-1224)?
Nei, det er nok at hovudutøvaren av næringsverksemda leverer næringsoppgåve og personinntektsskjemaet. Sjå elles artikkelen Slik deler ektefellar inntekt frå felles verksemd.

Kva for skjermingsrente skal eg føre i skjemaet Personinntekt frå enkeltpersonføretak (RF-1224), post 1.8?
Les her om kor høg skjermingsrente du maksimalt kan velje i skjema RF-1224 Personinntekt frå enkeltpersonføretak, post 1.8. 

Korleis tek eg omsyn til at eg driv landbruk eller reindrift når eg fyller ut skjemaet Personinntekt frå enkeltpersonføretak (RF-1224)?
Dersom du har positiv utrekna personinntekt i inntektsåret, fører du denne i personinntektsskjemaet post 1.36 og skattemeldinga (sjølvmeldinga) post 1.6.2.