Må eg levere næringsoppgåve som vedlegg til skattemeldinga?

Kan eg velje om eg vil levere næringsoppgåve eller ikkje?
Som personleg næringsdrivande må du som hovudregel levere næringsoppgåve eller Næringsrapport skatt. Ein del små enkeltpersonføretak med brutto driftsinntekter på kr 50 000 eller mindre, er fritekne frå å levere næringsoppgåve

Du treng i utgangspunktet ikkje å levere næringsoppgåve eller Næringsrapport skatt dersom du er deltakar i selskap med deltakarfastsetting, sjå eige spørsmål om dette nedanfor.

Korleis deler eg inntekt frå personleg næringsverksemd med ektefelle dersom eg ikkje leverer næringsoppgåve?
Krev du næringsinntekta fordelt med ektefelle, registrert partnar eller meldepliktig sambuar, må du levere næringsoppgåve.

Eg eig skogbruk med brutto driftsinntekter som ikkje overstig kr 50 000. Må eg levere næringsoppgåve?
Driv du skogbruk som personleg næringsverksemd og årsresultatet inngår i ei gjennomsnittslikning, må du levere næringsoppgåve.

Eg starta enkeltpersonføretak i fjor. Skal eg levere næringsoppgåve eller Næringsrapport skatt?
Driv du skattepliktig verksemd pliktar du å levere næringsoppgåve, Næringsrapport skatt eller bruke felta i sjølvmeldinga for små enkeltpersonføretak med brutto driftsinntekter på kr 50 000 eller mindre. Du driv skattepliktig verksemd dersom du oppfyller alle desse vilkåra:

  • Du driv aktiviteten for eiga rekning og risiko.
  • Du tek sikte på å drive aktiviteten over noko tid.
  • Aktiviteten din har eit visst omfang.
  • Aktiviteten din er eigna til å gå med overskot over tid.

Du må vurdere konkret om aktiviteten din oppfyller vilkåra. Les om korleis du trekkjer grensa mellom verksemd og skattefri hobbyaktivitet.

Personar som startar enkeltpersonføretak, oppfyller ikkje alltid vilkåra det første eller dei første åra etter at dei startar opp. Det første året du blir likna for skattemessig næringsverksemd kan du få godkjent inntil 5 føregåande år som oppstartsår for verksemda di. I RF-1298 Oppstart av verksemd – bilagsoversikt, kan du spesifisere inntekter og kostnader du hadde i åra før du leverte næringsoppgåve for første gong. I så fall kan du levere RF-1298 som vedlegg til skattemeldinga første året du leverer næringsoppgåve eller brukar felta i skattemeldinga for små enkeltpersonføretak med brutto driftsinntekter på kr 50 000 eller mindre. Dermed vil Skatteetaten vurdere å endre skattefastsettinga di for tidlegare år for å ta omsyn til inntektene og kostnadene du hadde i oppstartsåra. 

Næringsverksemda mi opphøyrde i 2015. Må eg då levere næringsoppgåve som vedlegg til sjølvmeldinga mi for 2016?
Du treng ikkje levere næringsoppgåve for 2016 dersom næringsverksemda i enkeltpersonføretaket opphøyrde og alle eigedelar, rettar og plikter som føretaket åtte, er selde, gjort opp, tekne ut til privat bruk, eller disponert om til annan inntektsgivande bruk i 2015. Om næringsverksemda di har opphøyrt eller ikkje, kjem an på ei samla vurdering. I denne samanhengen tek ein omsyn til:

  • kor mykje aktivitet som du og andre legg ned i føretaket
  • kor store bruttoinntektene i føretaket er
  • om driftsmidla er selde, gjort opp, tekne ut til privat bruk, eller omdisponerte til annan inntektsgivande bruk

Ein reknar ikkje næringsverksemda for opphøyrt dersom hovudutøvaren sluttar med å ta aktivt del i verksemda sjølv, men framleis eig eller deltek i næringsverksemda.

 

Eg tente i 2015 opp royalty for åndsverk som eg sjølv har tilverka. Kvar skal eg føre denne inntekta?
Er du personleg næringsdrivande, må du som hovudregel levere næringsoppgåve 1 (RF-1075) eller Næringsrapport skatt. Royalty fører du i post 3900 ”Ann driftsrelatert inntekt”.

Har du teke imot skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar, må du kontrollere at royalty er førehandsutfylt i post 1.6.2 og 2.7.6. Er ikkje all royalty førehandsutfylt, må du korrigere dei førehandsutfylte beløpa. Har du kostnader til næringsinntekta, må du òg byte skattemelding dersom du leverer elektronisk. Er skattemeldinga førehandsutfylt med korrekt næringsinntekt i post 1.6.2 og 2.7.6, treng du ikkje byte skattemelding eller levere næringsoppgåve.

Er du personleg næringsdrivande og har brutto driftsinntekter på kr 50 000 eller mindre, kan du på visse vilkår vere friteken frå å levere næringsoppgåve. Leverer du skattemelding for næringsdrivande, fører du i så fall royalty saman med andre driftsinntekter i feltet ”Sum driftsinntekter”.

Eg tente i 2016 opp royalty for åndsverk som eg har arva opphavsretten til. Skal eg føre inntekta i næringsoppgåva?
Du treng ikkje å føre denne inntekta i næringsoppgåva eller Næringsrapport skatt med, mindre aktiviteten din med å forvalte rettane er omfattande. Normalt fører ein slik inntekt i skattemeldinga post 3.1.12 ”Anna inntekt”.

Betalingar til sjølvstendig næringsdrivande skal innrapporterast på ein ny måte frå og med inntektsåret 2015, med første innrapportering i januar 2016.

Eg investerer i verdipapir. Skal eg levere næringsoppgåve eller Næringsrapport skatt?
Forvalting av eigne verdipapir blir ikkje rekna som næringsverksemd, med mindre aktiviteten er omfattande. Dette kjem an på ei konkret vurdering av ditt tilfelle. I vurderinga legg ein mellom anna vekt på om handelen din med aksjar og andre verdipapir er systematisk og vedvarande, talet på transaksjonar og kor store beløp du til saman handlar for. Vidare er det vesentleg om formålet med aktiviteten din er å oppnå kortsiktige gevinstar, i motsetning til passiv plassering utifrå eit langsiktig mål.

På nettsidene våre kan du lese to bindande førehandsfråsegner som Skatteetaten har gitt om korleis ein i praksis skal trekkje grensa mellom næringsverksemd og anna forvalting av verdipapir: 

Driv du ikkje næringsverksemd, treng du ikkje levere næringsoppgåve og personinntektskjema.

Eg har teke imot kopi av skjemaet Selskapet si melding over deltakaren sin formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetting (RF-1233). Må eg levere næringsoppgåve som vedlegg til skattemelding for næringsdrivande?
Ein personleg skattytar som er deltakar i ANS eller i eit anna selskap med deltakarfastsetting, skal levere skjemaet  Deltakaren si melding over eigen formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetting (RF-1221). Som deltakar treng du i utgangspunktet ikkje å levere næringsoppgåve. Du må levere næringsoppgåve og personinntektskjema dersom aktiviteten din med å forvalte ulike selskapspartar og/eller andre eigarinteresser er så omfattande at aktiviteten blir rekna som næringsverksemd i seg sjølv, eller du driv ei anna form for enkeltpersonføretak.

Første gong du opnar skattemeldinga for næringsdrivande elektronisk, får du spørsmål om du skal levere skattemeldinga med eller utan næringsoppgåve, eller om du vil nytte Næringsrapport skatt. Kva for leveringsform skal eg velje for bedrifta mi?

Eg deler inntekt frå felles verksemd med ektefelle, registrert partnar eller meldepliktig sambuar. Treng vi begge to å levere næringsoppgåve som vedlegg til skattemelding for næringsdrivande?
Nei, det er nok at hovudutøvaren av næringsverksemda leverer næringsoppgåve og skjemaet Personinntekt frå enkeltpersonføretak (RF-1224) eller Næringsoppgåve skatt. Sjå elles artikkelen om korleis deler ektefellar o.a. inntekt frå felles verksemd.