Er du personleg næringsdrivande og friteken frå å levere næringsoppgåve?

  • Skriv ut
Personleg næringsdrivande (enkeltpersonføretak) kan velje om dei vil levere næringsoppgåve dersom den brutto driftsinntekta deira for året ikkje overstig kr 50 000.

Du kan lese om vilkår for fritak og unntak i Hvem kan bli fritatt fra levering av næringsoppgave mv.

For deg som skal levere «Skattemelding for næringsdrivande o.a.»  
Første gongen du loggar deg på skattemeldinga for næringsdrivande i Altinn blir du spurt om du skal levere med eller utan næringsoppgåve.

Du vel alternativet: ”Driftsinntektene min overstig ikkje kr 50 000 og eg ynskjer ikkje å levere næringsoppgåve” og trykkjer ”Fortsett”.

I neste skjermbilete kan du klikke på fana «Til vegvisaren for driftsinntekter og driftskostnader». Vel kva for vedlegg du skal levere og trykk ”Oppdater”. Dersom du ikkje leverer RF-1224 «Skjema for utrekning av personinntekt», blir beløpet i feltet «Driftsresultat» lagt til grunn som utrekna personinntekt. Du bør levere RF-1224 dersom du har negativ utrekna personinntekt, anten frå det aktuelle inntektsåret eller til framføring.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.