Kostnader til mobiltelefon, breiband, telefon o.a.

  • Skriv ut

Du kan ha krav på frådrag for éi eller fleire elektroniske kommunikasjonstenester (EK-tenester) som du bruker i næring: mobiltelefon, fasttelefon, IP-telefon, breiband og trådlaust nett.

Du får frådrag for kostnaden til EK-tenester du bruker i næring og ikkje privat. Dette gjer du normalt ved at du frådragsfører alle kostnader, og at den delen som utgjer den private bruken, blir lagd til i inntekta di (blir «tilbakeført»). Dersom du ikkje bruker EK-tenesta privat, må du sannsynleggjere dette.

Du fører alle kostnader for EK-tenesta/-tenestene inklusive meirverdiavgift i post 6995 i Næringsoppgåve 1, redusert med meirverdiavgifta på næringsdelen (dersom du er meirverdiavgiftspliktig).

Du tilbakefører for privat bruk i post 7098 og 2068.

Privat fordel

Beskatninga vert gjort i form av eit sjablongmessig sett fast årleg inntektstillegg på kr 4 392. Dersom dei samla kostnadene for EK-tenester er lågare, vil inntektstillegget verta like stort som dei samla kostnadene.  

Alle desse tala gjeld når du bruker EK-teneste/-tenester gjennom heile året.

Døme på berekning ved bruk:

Beskatning av EKOM-tenester (mobil, breidband og liknande) - Nye regler frå og med inntektsåret 2014.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.