Døme på korleis du reknar ut privat fordel ved bil

  • Skriv ut

Sjablongregelen
Listeprisen som ny er utgangspunktet når ein fastset utrekningsgrunnlaget.

  • Utrekningsgrunnlaget blir ikkje redusert dersom distansen ein køyrer årleg er under 40 000 km i næring.
  • Utrekningsgrunnlaget blir sett til 75 % av listepris dersom ein årleg køyrer meir enn 40 000 km i næring.
  • Utrekningsgrunnlaget blir sett til 50 % for EL-bil uavhengig av køyrelengd i næring.

Ein skal redusere utrekningsgrunnlaga ovanfor med 25 % dersom bilen er 3 år eller eldre per 1. januar i inntektsåret.

Utrekning av privat bruk
Dersom bilen er yngre enn 3 år, skal ein rekne ut den private bruken slik:

Utrekningsgrunnlag under 293 200 (2016-sats) blir sett til 30 %, overskytande blir sett til 20 %:

   30 % av listeprisen inkludert alt ekstrautstyr opp til kr  293 200

+ 20 % av resterande listepris

= Utrekna inntektsfordel for privat bruk


Døme på utrekning etter standardregelen (2015-satsar):
Bil som er 2 år gammal, listepris som var kr 300 000, blir køyrd under 40 000 km i næring i året.

  30 % av  293 200                     =   87 960

+20 % av (300 000 – 293 200) =        1 360

Privat fordel (tilbakeføring)       =                89 320 kroner

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.