Slik tilbakefører du nokre av bilkostnadene dersom yrkesbilen òg vert brukt privat

  • Skriv ut

Dersom yrkesbilen òg vert brukt privat, skal du minka kostnadene ved at du tilbakefører for den private bruken. Nedanfor kan du lese om dei to standardreglane som du nyttar for å rekne ut beløpet som du skal tilbakeføre.

Du vel den av dei to standardreglane som gir deg minst beløp å føre i næringsoppgåva og eventuelt RF-1125. Ver likevel merksam på at standardreglane ikkje gjeld for alle typar kjøretøy som det er køyrt privat med. Nedanfor kan du lese om desse unntaka.

Leverer du RF-1175 Næringsoppgåve 1, skal du bruke post 7099 for å tilbakeføre standardbeløpet.  Plikter du å levere RF-1125, fører du standardbeløpet i post 27 i skjemaet. Når du har rekna ut standardbeløpet for privatkøyring, bokfører du beløpet i rekneskapen din. Du fører same talet 

  • kredit på kontoen som du fører over til resultatrekneskapen og
  • debet på privatkontoen som du etterpå fører opp i RF-1175 post 2075

Standardregel 1 for å rekne ut kva du skal tilbakeføre for privatkøyring med yrkesbilen

For å rekne ut beløpet må du veta kva listepris yrkesbilen din hadde som ny. Du skal tilbakeføre 30 % av listeprisen inntil ei grense. Denne fastset Skattedirektoratet mot slutten av inntektsåret. Nedst på denne nettsida kan du finne den aktuelle grensa ved å fylle ut det rette inntektsåret i feltet. Hadde bilen din høgare listepris enn grensa, reknar du ut beløpet slik:

  1. Du reknar ut 30 % av grensa
  2. Deretter reknar du kor mykje høgare listeprisen var enn grensa. Denne skilnaden reknar du 20 % av
  3. Du sumerar dei to tala du har komen fram til.

I nokre høve skal du fyrst avkorte listeprisen på bilen forholdsmessig før du reknar som vist ovanfor:

  • Kan du godtgjere at yrkeskøyringa di i de aktuelle inntektsåret overstig 40 000 km – avkortar du listeprisen med 25 %
  • Vart bilen registrert for fyrste gong meir enn 3 år før 1. januar i inntektsåret  - avkortar du listeprisen med 25 %
  • Har du el-bil (gjeld ikkje hybridbil) – avkortar du listeprisen med 50 %

Nokre få skattytarar oppfyller fleire av desse vilkåra. Vart bilen registrert for fyrste gong meir enn 3 år før 1. januar i inntektsåret, samstundes som du kan godtgjere at yrkeskøyringa di overstig 40 000 km i det aktuelle inntektsåret, reknar du med berre 56,25 % av listeprisen. Har du el-bil som vart registrert for fyrste gong meir enn 3 år før 1. januar i inntektsåret, reknar du med berre 37,5 % av listeprisen.

For fastsettjing av fordel ved bruk av varebil klasse 2 og lastebiler under 7 500 kg gjeld det særskilte regler, sjå nærmere om dette her.

Standardregel 2 for å rekne ut kva du skal tilbakeføre for privatkøyring med yrkesbilen

Nyttar du denne regelen i staden for standardregel 1, tilbakefører du 75 % av grunnlaget frå RF-1125 post 27. I grunnlaget inngår driftskostnadene for den aktuelle bilen som til dømes årsavgift, drivstoff, forsikring og verkstadkostnader. Leasar du bilen, medreknar du i grunnlaget leiga som gjeld for året. Eig du derimot bilen sjølv, tek du i staden for leige omsyn til verdiforringing, sjå nedanfor.

Verdiforringinga fastset du ved hjelp av ei anna saldoavskriving enn den du krev i RF-1084 Avskriving post 110, og RF-1125 post 25. Du tek i staden utgangspunkt i listeprisen som bilen hadde da han vart registrert for fyrste gong. For kvart år frå og med registreringsåret,  trekk du frå 17 % av saldogrunnlaget frå året før.

Har du kjøpt eller seld bilen i inntektsåret skal du forholdsmessig avkorta verdiforringinga for inntektsåret i høve til talet på dagar. Dette gjeld òg dersom bilen har slutta å vere yrkesbil for deg i løpet av inntektsåret.

Døme på korleis ein reknar ut verdiforringinga

Skattytaren kjøpar 1. april i inntektsåret ein bruktbil. Bilen hadde ein listepris på kr 300 000 da han vart registrert for fyrste gong sommaren før. Grunnlaget for å rekne ut saldoavskriving for kjøpsåret: kr 300 000 x (100 % - 17 %) = kr 249 000Verdiforringing for heile kjøpsåret: kr 249 000 x 17 % = kr 42 330Verdiforringing frå 1. april til 31. desember: kr 42 330 x 275 dagar / 365 dagar = kr 31 892

Unnatak kor du ikkje kan nytte standardreglane for å tilbakeføre for privat bruk av yrkesbil

Ovanfor kan du lese om korleis du nyttar standardreglar for å tilbakeføre.  Standardreglane gjeld likevel ikkje for:

  • Lastebil med totalvekt på 7 500 kg eller meir
  • Buss med meir enn 15 passasjerplassar
  • Bilar som det i lov eller i medhald av lov er satt forbod mot å køyre privat ut over å køyre mellom heim og arbeidsstad

Har du slik yrkesbil skal du rekne ut kor mange kilometer du har brukt bilen til å køyre mellom heim og fast arbeidsstad, besøksreiser til heimen og anna privat køyring.

Denne samla reiselengda multipliserer du med ein standard kilometersats for å finne beløpet som du skal tilbakeføre. Ver likevel merksam dersom bilen i året vert brukt over 4 000 km til å køyre mellom heim og fast arbeidsstad, og/eller til besøksreiser til heimen. I så fall reknar du etter ein lågare kilometersats for dei overskytande kilometrane med slik køyring.

Dei to satsane som du skal bruke finn du i § 1-2-15 siste ledd, i takseringsreglane for det aktuelle inntektsåret. Skattedirektoratet fastsett desse reglane mot slutten av inntektsåret. Sjå sats-sidane for firmabil for meir informasjon.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.