Bruk av næringsbil i næring og privat

  • Skriv ut

Dersom du brukar næringsbilen både i næring og privat, kan enkeltpersonføretaket ditt trekkje frå alle kostnadene ved bilbruken, inklusive saldoavskriving på bilen sin kostpris, men du blir òg skattlagd for fordelen ved privat bruk.

Du skal levere skjemaet Bruk av bil (RF-1125) som vedlegg til skattemeldinga. Les meir i rettleiinga om korleis du fyller ut skjemaet. 

Avskriving
Med mindre du leasar bil må du òg fylle ut og levere skjemaet Avskriving (RF-1084).

Alle kostnadene ved bilhaldet skal førast i næringsoppgåve 1 (RF-1175)  eller i i Næringsrapport skatt post 7000-7040.

Slik krev du frådrag for kostnadene til næringsbil.

Slik tilbakefører du nokon av bilkostnadene dersom du også brukar yrkesbilen privat.

Du finn meir informasjon i rettleiinga til postane i skattemeldinga.

Skattlegging av fordel
Tilbakeføring av privat bruk skal førast i post 7099 og 2075 i næringsoppgåva. Dette inneber at inntekta di aukar med det tilbakeførte beløpet.

Tilbakeføringsbeløpet skal likevel aldri overstige 75 prosent av dei utrekna samla kostnadene ved bilhaldet (driftskostnader + pårekna verdireduksjon eller eventuell leigekostnad).

Tilbakeføring er ein sjablongmessig reduksjon av kostnadene (auke av inntekt) fordi ein ikkje får frådrag for den delen av bruken som blir rekna som privat.

Sjå døme på korleis ein reknar ut privat fordel ved bruk av bil.

Aktuelle skjema

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.