Kva er skilje mellom arbeidsreiser og yrkeskøyring?

  • Skriv ut

Arbeidsreiser kan du ikkje kreve frådrag for i næringsoppgaven eller Næringsrapport skatt, men i skattemeldinga post 3.2.8post 3.2.9. Frådrag for reise mellom heim og arbeid/besøksreiser.

Som arbeidsreise reknar ein:

  •     reise mellom bustad og fast arbeidsstad
  •     reise mellom faste arbeidsstader


Derimot reiknar ein desse reisene som yrkeskøyring:

  •     reise mellom bustad og ikkje-fast arbeidsstad
  •     reise mellom fast arbeidsstad og ikkje-fast arbeidsstad 
  •     reise mellom ikkje-faste arbeidsstader


Unnatak:
Sjølv om reisa etter hovudregelen er ei arbeidsreise, reknar du likevel reisa som yrkeskøyring dersom ho oppfyller minst eitt av desse unnataka:

  • Du reiser fordi du må bu utanfor heimen på grunn av næringa di (gjeld ikkje besøksreiser til heimen)
  • Du reiser til ein arbeidsstad der du arbeider inntil 10 dagar i inntektsåret
  • Du reiser mellom bustad og fast arbeidsstad i samband med vidare reise som er yrkeskøyring (gjeld berre dersom du oppheld deg på arbeidsstaden i kort tid, og ikkje utfører alminneleg arbeid under opphaldet – tilsvarande gjeld returreise)
  • Du reiser og næringa gjer det ofte naudsynt for deg å ta med arbeidsutstyr i bilen
  • Du reiser frå staden du oppheld deg, til fast arbeidsstad, fordi det var naudsynt å tilkalla deg utanom vanleg arbeidstid
  • Du reiser mellom fast arbeidsstad og ein oppmøtestad der oppdragsgivaren din sørgjer for å transportere deg vidare til sokkelinnretning, fartøy eller utlandet

Køyrer du ein omveg mellom heimen og arbeidsstaden fordi du skal hente post eller gjere anna i samband med næringa, reknar du den kortaste vegen frå heimen til arbeidsstaden som arbeidsreise, mens strekninga du har reist som overstig den kortaste vegen mellom heimen og arbeidsstaden skal du rekna som yrkeskøyring.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.