Kva er skilje mellom privatbil og yrkes-/næringsbil?

  • Skriv ut

Lastebil, buss mv. 
Følgjande bilar vert i samsvar med praksis normalt rekna som yrkesbil utan nærare sannsynleggjering av køyrelengde når dei nyttas i næring:

  • lastebil med totalvekt på 7500 kg eller meir og
  • buss med meir enn 15 passasjerplassar.

Dette gjeld sjølv om bilane òg stundom vert brukt privat, til dømes til køyring mellom heim og fast arbeidsstad (arbeidsreise).

Andre bilar

Ein reknar òg mange andre biler som yrkesbil sjølv om dei òg vert brukt til privatkøyring. I så fall må minst eitt av desse vilkåra vere til stade:

  • Yrkeskøyringa med bilen utgjer minst 6 000 km i året. Ein bør leggje til grunn høva over eit tidsrom på tre år. 
  • Størsteparten av køyringa med bilen er yrkeskøyring. 
  • Bilen er konstruert eller innreia på eit vis som gjer bilen lite egna og heller ikkje meint for å verte brukt privat. Du kan i så fall heller ikkje ha brukt bilen til anna privatkøyring enn å køyre mellom heim og fast arbeidsstad og/eller besøksreiser til heimen. 
  • Bilen er registrert for ni passasjerar eller meir, og vert brukt for å transportere arbeidstakarar basert på ei ordning. Du kan i så fall ikkje ha brukt bilen til anna privatkøyring.

Fyller ikkje bilen nokon av desse vilkåra, skal du rekna bilen som privatbil. Les om korleis du kan krevje frådrag for bruk av privatbil i næringa.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.