Slik krev du frådrag for kostnadene til yrkesbil

  • Skriv ut

Du må ta vare på fakturaer for drivstoff og anna som du kjøper til bilen, og bokføre desse bilaga samtidig med at du bokfører dei andre næringstransaksjonane dine etter kvart i løpet av året. Hugs at du pliktar å levere RF-1125, Bruk av bil saman med sjølvmeldinga og næringsoppgåva.  Dette skjemaet er inkludert i Næringsrapport skatt.

Difor bør du passe på at du har mange nok kontoar i rekneskapane dine til at du kan spesifisere bilkostnadene i skjemaet. Har du fleire yrkesbilar, bør du innrette deg slik at du kan spore kostnadene for kvar yrkesbil. For å kunne fylle ut skjemaet må du òg notere deg

  • kilometerstand per 1.1. i inntektsåret
  • kilometerstand per 31.12. i inntektsåret
  • kor mange kilometer bilen er brukt til yrkeskøyring i året

Sjå nedanfor om unnatak frå plikta til å levere RF-1125 for yrkesbil.

Eig du yrkesbil, krev du frådrag for verdireduksjon ved å føre bilen på samlesaldo. Då leverer du i så fall RF-1084 Avskriving saman med sjølvmeldinga. I dette skjemaet fører du yrkesbilen på samlesaldo c eller d. Skjemaet viser deg korleis du reknar ut kor stort frådrag du skal føre over til RF-1175 Næringsoppgåve 1 eller i Næringsrapport skatt, post 6000 Avskrivingar. Dermed får du frådrag for saldoavskriving i tillegg til dei andre bilkostnadene dine.

Leasar du bil, skal du ikkje føre denne på samlesaldo. I staden kostnadsfører du leiga som gjeld for inntektsåret.

Dersom du òg brukar bilen til privatkøyring, skal du rekne ut eit beløp som reduserer frådraget for driftskostnader i næringsoppgåva di. Sjå nedanfor om korleis du reknar ut beløpet.

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.